NRK Meny
Normal

- Fantastisk med ferje

For første gong kan Magne Johansen frå Mausund ta med seg bilen sin heim.

 

Første ferje til Sula-Mausund
Foto: Børge Jomaas / NRK

Magne Johansen
Foto: Ståle Yttrehus / NRK

Det var ein spesiell dag på Frøya i dag. Litt over klokka halv tolv gjekk den første ferja til øyrekka Sula og Mausund.

Presis klokka 11.40 onsdag føremiddag gjekk den første ferja frå Dyrøya på Frøya til Sula og Mausund.

Med på ferja er ein spent Magne Johansen frå Mausund. For første gong kan ha ta med seg traileren sin heim på øya.

- Dette er stort. Eg har kjempa for det i mange år, og no er det ein realitet. Det er heilt fantastisk, seier Johansen til NRK Trøndelag.

Har møtt motstand

Prosessen fram mot ei ferje mellom Dyrøya på Frøya og øyrekka Sula-Mausund har vore alt anna enn fredeleg.

Det har vore folkemøte, debattar og klare skillelinjer mellom tilhøyrarane og motstandarane til ferja. Øybuarane frykta lengre veg til kommunesenteret, andre såg for seg meir biltrafikk på øyene.

-  Mange har sett for seg ei hurtiggåande ferje, med Sistranda som ein andre stoppestad, men der har fylkeskommunen vore klar på at det har vi ikkje råd til i denne omgang, seier ordførar Arvid Hammernes.

Seks års arbeid

Ferjesamband Dyrøya-Sula-Mausund
Foto: Børge Jomaas / NRK

  

Ferja, som har fått namnet Frøyaferja, går frå Dyrøya til Sula og vidare til Mausund. Etterpå går den tilbake til Sula med skuleelevane og ein ny tur til Mausund, før den retunerer til Dyrøya.  

- Det er plass til mellom 14 og 16 personbilar på ferja, seier skipper Asbjørn Trøan til NRK Trøndelag.

Han har jobba for ei ferje i mange år.

-  Det er seks år sidan vi første gong var rundt og kikka på ferjeleier,så det har vore spennande å vere med på utviklinga, seier Trøan.

Vil starte drosjeteneste

For innbyggarane på Sula og Mausund betyr ferja heilt nye mulegheiter. I dag er det tre kilometer veg på Sula og fem kilometer veg på Mausund.

Yrkessjåfør Magne Johansen har allereie planen klar.

- Eg vil starte med drosjeteneste på Mausund, smiler Johansen.

Den offisielle opninga av ferjesambandet skjer i begynnelsen av juni når samferdselskomiteen kjem på synfaring til øyrekka.

Nytt ferjesamband Dyrøya-Sula-Mausund
Foto: Ståle Yttrehus / NRK

 

 

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal