- Emil er eit forbilde for oss

Med fire bom, hamna gullfavoritten Emil Hegle Svendsen på ein åttandeplass på tirsdagens jaktstart.

Tonje Rommestad og Tone Binge Fanavoll har stor tru på Emil Hegle Svendsen.

Tonje Rommestad og Tone Vinge Fanavoll hadde stor tru på Emil Hegle Svendsen, men blei skuffa.

Foto: Even Nielsen / NRK

Nærmare 50 personar fulgte sin store helt Emil Hegle Svendsen frå storskjerm i klubblokalet på Saupstad i Trondheim. Stemningen var på topp før start, men svært laber etter ein skuffande åttandeplass.

– Vi hadde store forhåpningar, men det gjekk ikkje så veldig bra. Eg trur at det mentale spelte mykje inn. Fire bom er for mykje og han gjekk også altfor passivt ut, seier leiar av Trondhjems Skiskyttere Stig Strand til NRK.no.

Han har fulgt Emil Hegle Svendsen sidan han var elleve år gamal.

Ingen norske medaljar

Det blei ikkje gull til verken Emil Hegle Svendsen eller Ole Einar Bjørndalen på tirsdagens jaktstart i skiskyting.

Emil Hegle Svendsen skaut fullt hus på første skyting, men fekk to bom på andre og ein bom både på tredje og fjerde skyting. Gullet gjekk til svenske Bjørn Ferry.

– Han burde vore litt meir på og var kanskje litt for godt nøgd med å ligge bak Vincent Jay ut frå start, seier Strand.

(Artikkelen held fram under bildet)

Emil Hegle Svendsen

Storfavoritten skuffa heimefansen på jaktstarten og blei berre nummer åtte.

Foto: Jens Meyer / Scanpix/AP

Forbilde for mange

Emil Hegle Svendsen er stor motivasjon for alle juniorløparane, med eller utan gullmedalje på tirsdagens jaktstart.

– Emil er eit veldig bra forbilde. Han er snill og flink, seier 13-åringane Tonje Rommestad og Tone Vinge Fanavoll.

Dei er likevel skuffa over innsatsen til klubbens største idol.

– Det var skuffande. Vi hadde venta siger eller pallplass. Det var skytinga som gjekk galt og så gjekk han ikkje så bra i sporet som vi hadde håpt på, seier Tonje Rommestad.

Spent mamma

Mamma og pappa Hegle Svendsen var på plass på tribunen i Vancouver. Før løpet var dei svært spente på kva sonen kunne greie å presterte i OL-løypene.

– Eg er litt spent, men vi får håpe at det går bra, sa mamma Tone Hegle Svendsen til NRK.no rett før start.

Pappa Svendsen la til at dei ikkje har snakka med Emil sidan sist løp.

– Det er ganske vanleg at vi ikkje får prate med han, seier Agnar Svendsen.

Bjørn Ferry vann jaktstarten framfor østerrikske Christoph Sumann og franske Vincent Jay. Ole Einar Bjørndalen blei nummer sju, mens Emil Hegle Svendsen hamna på åttandeplass.

Video fra Trøndelag

Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing
1500 besøkende i helgen
I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.