Hopp til innhold

- Eg er for ung til å vere her

47 år gamle Svein Arne Bakkemo fekk slag i desember i fjor, og hamna på gamleheim då Trondheim kommune tok over rehabiliteringa. Han meiner han ikkje høyrer heime der.

Slaget kom brått og uventet på den spreke 47-åringen fra Olderdalen i Trondheim. Etter tre måneder på rehabilitering gjennom St. Olavs hospital tok kommunen over ansvaret, og da kom et nytt sjokk

47 år gamle Svein Arne Bakkemo er ikkje fornøgd med tilbodet Trondheim kommune har gitt han etter at han vart råka av hjerneslag.

Etter hjerneslaget fekk han opphald ved St.Olavs rehabiliteringsavdeling på Lian i Trondheim, men etter tre månadar tok kommunen over rehabiliteringa. Dei plasserte 47-åringen ved Søbstad helsehus. Ein brutal overgang for Bakkemo.

– Eg tykkjer ikkje eg passar inn. Eg kjenner meg for ung til å vere her, seier han.

Han meiner at Søbstad helsehus ikkje er egna til å vere ein rehabiliteringsavdeling for slagpasientar.

– Eg meiner det er meir ein oppbevaringsplass. Eg hadde håpa dei kunne tilby meg noko anna enn ein plass på ein gamleheim.

Han søv ikkje på Søbstad helsehus, men kjem dagleg for å få behandling.

Treningstilbodet er tilfredsstillande

2.overlege ved Søbstad helsehus Eli-Anne Skaug seier overgangen frå spesialisthelsetenesta kan vere utfordrande.

– Treningstilbodet er bra, men overgangen kan vere frustrerande. Me som jobbar i helsevesenet er ikkje flinke nok til å ta ned forventningane, seier Skaug.

Kommunaldirektør for Helse og Velferd i Trondheim kommune Helge Garåsen meiner dei har eit godt tilbod til slagpasientar i Trondheim kommune.

– Me har eit godt tilbod. Dei aller fleste blir rehabilitert i sin eigen heim i godt samarbeid med sjukehuset. men me har også dei som krev meir oppfølgjing og som må på institusjon.

Få pasientar

Talet på pasientar som har behov for ekstra oppfølgjing er lågt.

– Det gjeld særs få pasientar. Det fører til at me må plassere dei saman med andre målgrupper og i lag med eldre menneske. Det er annleis enn eit tilbod i spesialisthelsetenesta. Eg forstår at folk kan bli vonbrotne, seier Garåsen.

Svein Arne Bakkemo trenar heime for å kome seg tilbake på sykkelsetet.

– Målet er å kome seg på sykkelen i mai, smiler han.