Hopp til innhold

– Dette må vere tidenes matfestival

– Dette må vel kunne seiast å vere tidenes matfestival. Det seier Brit Melting, stolt prosjektleiar i «Oi! Trøndersk Mat og Drikke», etter at nedrigginga av matfestivalen starta i 18-tida i dag.

Frank Holmslet og Brit Melting

Frank Holmslet er prosjektleiar for Bryggerifestivalen, Brit Melting for Matfestivalen. Begge er strålande nøgde etter årets festival.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Då hadde det vore hektisk aktivitet rundt Torget i Trondheim i tre heile dagar, med 153 utstillarar i telt og salsboder rundt omkring og tjukt av folk av folk dagen lang.

200.000 innom

Brød frå Støkkøya i Åfjord

Brødet kom frå Stokkøya.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

– Vi estimerte i fjor at det kunne vere snakk om 200.000 menneske som var innom matfestivalen. Det er eit litt usikkert tal, men det var i alle fall ikkje mindre folk i år enn i fjor, seier Brit Melting, som har fått tilbakemelding frå matprodusentar og utstillarar at det verka som det var mykje meir folk i år.

Og salet gjekk unna.

Saka held fram under video

Folk strømmer til Trondheim sentrum for å smake på kortreit mat og drikke.

Det var rekordmange på matfestivalen og bryggerifestvalen i år. (Foto/redigering: Hilde Grande)

Ikkje ei grønnsak igjen

– Vi har ikkje ei grønsak igjen, var meldinga eg fekk frå Frostagjengen, seier Brit Melting, og har inntrykk at alle alle fekk selt det aller meste av det dei hadde med seg. Og dei hadde bra med mat med.

Rodrigo Sancez

Hassan Hady laga Åfjordpizza med blåskjell, medan folk stod i lang kø for å bestille.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

– Vi hadde på førehand bedt alle om å bu seg bra, slik at dei kunne gi det same gode tilbodet av smaksprøvar og salsvarer gjennom heile festivalen, seier prosjektleiaren, som ser berre fornøyde folk med smil om munnen etter trio dagar til ende i Trondheim sentrum.

10 millionar i omsetning

- I fjor kalkulerte vi omsetninga til 9,7 millionar kroner, og sa vi hadde som mål å nå 10 millionar. Det trur eg vi har nådd i år, seier Melting alt no, før dei meir offiselle tala kjem midt i august.

Åfjordpizz

Sjå bilde frå festivalen.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Matfestivalen i regi av Oi! Trøndersk Mat og Drikke starta i 2005, og det har vore stadig utvikling sidan den tid, både av produkt og festival, med fleire utstillarar og større areal.

Bryggerifestival på femte året

I 2013 kom også Bryggerifestivalen med, under den same paraplyen, «Oi! Trøndersk Mat og Drikke». Den stengjer først ved midnatt laurdag.

– Vi utvida både telt og gateareal ganske mykje frå i fjor til i år, og var litt bekymra for om vi kunne fylle det opp. Men det var ikkje noko problem, seier prosjektleiar Frank Holmslet for Bryggerifestivalen.

Trøndersk matfestival på Torget

Festivalen fyllte i år heile Torget, i tillegg til store delar av Kongens gate og Munkegata.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Han kan melde om fulle bord både ute og inne alle tre dagane under festivalen, der 23 bryggeri bydde fram ølet sitt - vel halvparten av bryggeria frå Midt-Norge, resten frå andre stader i landet og nokre frå utlandet.

10.000 smaksprøve-glas

– I fjor selde vi 10.000 smaksprøve-glas, og det er ikkje grunn til å tru at det vart selt mindre i år, seier Holmslet.

Matfstival Hilde Haugdal

Mat og drikke går hand i hand. Hilde Haugdal i Åfjordmat laga i stand blåskjella til den ettertrakta pizzaen.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

No i kveld vart det konsertrert mest om å rigge ned etter årets to festivalar, som også i år har gått paralellt med ein tredje i Trondheim by - Olavsfestdagene. Til saman har dette sett kraftig preg på Trondheim sentrum. Men no er det slutt for denne gong.

Blir lagt merke til

– Det er nærmast litt vedmodig å pakke saman etter tre så fine dagar i finveret, seier prosjektleiar Brit Melting for Matfestivalen. Ho synest å merke endå fleire dialektar og langvegsfarande enn tidlegare. Også cruiseturistar frå utlandet har kome innom.

– Eg trur vel kanskje Trøndersk Matfestival er i ferd med å bli lagt merke til langt utover Trøndelags grenser, som det solide landbruks- og matdistriktet vi er her til lands, sluttar Brit Melting.

Brit Melting, prosjektleiar i Oi! Trøndersk Mat og Drikke

Nesten vedmodig å pakke ned etter tre så fine dagar, seier prosjektleiar Brit Melting i Oi! Trøndersk Mat og Drikke. Men til neste år blir det nye festival igjen.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK