57 år gamle Knut Okkenhaug og kona Elise hadde englevakt då personbilen dei sat i blei overkøyrd av ei Leopard stridsvogn ved Bjørgan i Grong onsdag kveld.
Til alt hell kom Knut og Elise frå ulykka utan skadar. Ekteparet var på veg heim då dei oppdaga at ei 40 tonn tung stridsvogn kom køyrande midt i vegen.
Knut la bilen heilt ut i brøytekanten, stoppa og venta på at sjåføren av stridsvogna skulle svinge til sides.
- Sjåføren gjorde ikkje det, han køyrde rett over oss. Bilen blei flat og det blei ganske trongt inne i kupeen, seier Knut Okkenhaug til NRK Trøndelag.
Kasta seg over kona
Knut Okkenhaug kasta seg over i passasjersetet då stridsvogna kom. (Foto: Kjetil Moe)
Stridsvogna, som deltek i militærøvinga Battle Griffin, trefte bilen på førarsida.
Den store Mercedesen fekk store skader. Panseret, og taket på førarsida, blei trykt inn. Knut Okkenhaug kasta seg over i passasjersetet før det small.
- Det er heilt utruleg at det gjekk så bra, eg tør ikkje tenkje på kva som kunne ha skjedd, seier Okkenhaug.
Han er glad for at han hadde ein solid bil og ikkje ein gamal rusta bil.
- Det var berre flaks, og eg er utruleg glad for at det gjekk så bra som det gjorde.
Såg bilen forseint
NRK Trøndelag har snakka med fleire av soldatane som sat i stridsvogna då ulykka skjedde.
- Bilen kom raskt på oss, og den stod ikkje i ro, hevdar ein av soldatane.
Vogna blei ført av ein 19 år gamal vernepliktig soldat. Han hadde minimalt med utsyn gjennom periskopet. Eit eldre befal sat i tårnet, heller ikkje han såg bilen før det var for seint.
Vognføraren skal i løpet av dagen treffe ekteparet han køyrde på.
Skal granske ulykka
Leiinga for militærøvinga Battle Griffin ser alvorleg på ulykka. Dei vil no undersøkje korleis ein personbil kunne bli overkøyrd.
- Som dei fleste sikkert har fått med seg har det vore to ulykker med stridsvogner involvert i løpet av kort tid, så vi er i gang med å finne ut kva vi kan gjere for å hindre at det skal skje nye ulykker, seier pressesjef for Battle Griffin, kommandørkaptein Thom Knustad.
Trass i onsdagens ulykke, bruken av stridsvogner vil ikkje bli avgrensa.
- Vi har ikkje vurdert ferdselsforbod, så inntil vidare held øvinga fram også med Leopard stridsvogner, seier Knustad.
Han legg til at folk må halde god avstand til dei militære køyretøya.
Operasjonsleiar ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Birger Sandvik seier at saka vil bli etterforska som ei vanleg trafikkulykke.
(Foto: Kjetil Moe)