Tirsdag ymta næringsministeren frampå om eit kompromiss der Fosen Mekaniske Verksteder i Rissa får eit lågare beløp enn dei 78 millionane verftet krev.
Ordførar i Rissa Per Kristian Skjærvik.
Det er bra at Fosen Mek. skal drøfte vertsstøtta, men det tek for lang tid, meiner ordførar i Rissa Per Kristian Skjærvik:
- Det som undrer meg mest er at kvar gong Fosen Mek. saka er tema, så skal ministeren tenkje seg grundig om. Det bruker han ei veke på, så kjem han fram til dei samme konklusjonane som han hadde før han begynte å tenkje.
Eg undrer meg også litt over at Gabrielsen har brukt ei veke på å finne ut at han skal drøfte saka, seier Skjærvik.
Haler ut saka
Per Kristian Skjærvik sit med ei kjensle av at ministeren er på leit etter løysingar som ikkje fordeler noko Svarteper:
- Eg føler at Gabrielsen har rådgjevarar som har gitt han svært dårlege råd i starten på denne saka, og som no prøver å komme seg ut av situasjonen. Næringsministeren må nok strekkje seg langt før Fosen Mek. og Fosen-regionen er nøgd med resultatet, trur Skjærvik.