(Foto: Erlend Aas/Scanpix)
Marit Bjørgen blir rekna som gullkandidat på nesten alle øvingane i OL i Torino. Men radiosportens langrennsekspert Torgeir Bjørn åtvarar mot hard konkurranse.
- Marit Bjørgen har utfordrarar spesielt i skøyting. Der vil mellom anna Julia Tsjepalova, Katrin Neumannova og Kristina Smigun vere harde konkurrentar. Eg trur at høgden under OL og dei tøffe bakkane vil gjere Tsjepalova til tøff motstand, seier Bjørn til NRK.
Av dei andre norske jentene er det Hilde Gjermundshaug Pedersen og Kristin Størmer Steira som har kapasitet til å ta medalje.
På herresida er både Tor Arne Hetland, Tore Ruud Hofstad, Jens Arne Svartedal og Frode Estil heite kandidatar til å ta OL gull i løypene i Torino.
- Eg trur det er slutt på tida der vi får ein OL-konge eller ei OL-dronning. Men vi har gode gullsjansar i alle øvingane, seier Bjørn.