Håndballjentene Jenny Marie Mannsverk og Anna Haddal.

Anna Haddal (t.v) og Jenny Marie Mannsverk (t.h).

Foto: Kristin Forland / NRK

Ungdommen forlèt handballen

Åtte av ti handballspelarar i aldersgruppa 13-19 år sluttar. Anna Haddal (15) ville forlate laget og idretten på grunn av tidspress og prestasjonskrav.

– Det blei mykje press. Det tok mykje tid og eg hadde ikkje like mykje motivasjon lenger. Det var ikkje like gøy som det pleidde å vere, seier 15 år gamle Anna Haddal.

Etter at ho flytta til Alta frå Austlandet, var planen å legge handballen på hylla. For Haddal blei det sosiale avgjerande for at ho blei verande i sporten.

Anna Haddal (15) og Jenny Marie Mannsverk (15)

SAMHALD VIKTIG: Både Anna Haddal (15) og Jenny Marie Mannsverk (15) trur eit godt samansveisa lag er nøkkelen til å få dei unge til å bli.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Eg kom på eit nytt lag, og møtte nye folk. Det var ikkje noko dei sa for å få meg til å bli, men dei tok meg alltid godt imot. Eg har det alltid kjekt på trening, fortel ho.

Jenny Marie Mannsverk (15) spelar på same lag som Haddal. Ho har ikkje vurdert å gi seg med handballen, og trur det sosiale er sentralt om ein vil halde på dei som er jamngamle med ho.

– Eit godt samhald, at alle er inkludert, er viktig. Det kan oppstå grupperingar innanfor eit lag, at nokre er betre vener enn andre, og det kan gjer at enkelte kjenner seg utanfor, seier Mannsverk.

Det er seint onsdag kveld og Haddal og Mannsverk er på trening med Alta IF J16. 20 jenter, mellom 15 og 16 år gamle, spring fram og tilbake over parketten i Altahallen. Dei har vore fleire, og ifølge ein dyster statistikk vil ikkje mange av dei vere igjen i hallen ved fylte 19 år.

I alderen 13 år det rundt 7500 handballspelarar i Norge. Av desse er det berre 1000 spelarar igjen når dei når 19 årsklassen.

– Det er veldig mange som har slutta. Om du går tilbake til då desse jentene var 13 år, så er godt over halve laget borte, seier Mads Stian Hansen.

Hansen er ein del av trenarteamet til Alta IF jenter 16. Han er òg styremedlem i Forbundsstyret til Noregs handballforbund, og sit i utvalet som har utarbeida ein rapport med tiltak for å stanse spelarflukta.

«Det er veldig mange som har slutta. Om du går tilbake til då desse jentene var 13 år, så er godt over halve laget borte»

Mads Stian Hansen

Utvalet har jobba i to år med ein omfattande rapport om kvar problemet ligg, og kva som kan gjerast. To ting står sentralt i arbeidet vidare:

Mads Stian Hansen

TRENAR OG STYREMEDLEM: I to år har Mads Stian Hansen jobba med å finne løysinga på fråfallsproblemet. Han er styremedlem i Forbundsstyret til Noregs handballforbund og med i trenarteamet til Alta IFs jenter16.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Vi skal ha ein mykje tettare oppfølging av trenarane. Vi skal etablere ein mentorordning som skal følge opp trenarane rundtom i Norges hallar, seier Hansen.

Mentorordninga skal fungere slik at ei gruppe trenarar skal følge opp trenarar rundtom i landet. Ordninga er ein del av ein større plan om eit trenarløft på alle nivå. På toppnivå skal det stillast krav om formell utdanning, men foreløpig er ikkje det aktuelt i ungdomshandballen.

– Det andre er at vi skal gjere ei grundig evaluering av kva tiltak som har effekt. Det skal vi gjere ved hjelpe av ein applikasjon til mobilen, der spelarane sjølv evaluerer treningane undervegs gjennom sesongen.

Hansen seier at handballforbundet ikkje har vore flink nok til å dokumentere kva tiltak som faktisk fungerer, og seier at denne undersøkinga som no skal gjennomførast, vil bli viktig i arbeidet framover. Etter planen skal tiltaka setjast i verk ved starten av 2016-sesongen.

Alta IF jenter 16
Foto: Kristin Forland / NRK

– Danmarks kurve meir alvorleg enn vår

Mobilapplikasjonen skal utviklast i samarbeid med ein annan stor handballnasjon, nemleg Danmark. I Danmark er fråfallsproblemet enda større enn i Norge, og i eit tilsvarande prosjekt som heiter «Knæk kurven», prøver danskane å redde handballen sin posisjon som «folkelig idrætskultur i Danmark».

Faksimile Politike
Foto: Faksimile Politiken.dk

– Danskane har akkurat same utfordring som i Noreg, men deira kurve er enda meir alvorleg enn for oss i Noreg, for dei har òg ei sviktande rekruttering, medan det i Noreg er fleire og fleire barn som vil spele handball, seier Hansen.

Det er sjeldan elitespelarane som blir frivillige og som driv sporten vidare.

Søren Simonsen, utviklingssjef i det danske handballforbundet / Politiken

I Danmark fryktar dei for kva konsekvensane av fråfallet kan bli for landslaget.

Til den danske avisa Politiken seier utviklingssjef i det danske handballforbundet, Søren Simonsen, at sjølv om fråfallet foreløpig ikkje har gått ut over landslagsrekrutteringa, fryktar han ein vond sirkel om det får fortsette.

– Det er sjeldan elitespelarane som blir frivillige og som driv sporten vidare. Framtidas trenarar og leiarar er i langt høgare grad frå andre- og tredjehaldet, så om vi mister for mange av dei i tenåra, risikerer vi å ha for få frivillige til dei viktigaste postane, seier Simonsen til Politiken.

Òg her i Norge fryktar forbundet at fråfallet kan gå utover kvaliteten på landslaget.

Karl-Arne Johannessen

SLO ALARM: Noregs handballpresident Karl-Arne Johannessen advarte allereie i 2013 om at det låge talet rektuttar til herrelandslaget kunne få konsekvensar for prestasjonane til landslaget.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Allereie i 2013 blei det slått alarm om det låge talet handballspelarar. Grunnlaget for rekruttering til herrelandslaget var urovekkande lite, med under 300 herrehandballspelarar registrert i 20-årsklassen.

– Skal vi ha ambisjonar om at vårt herrelandslag skal vere i verdstoppen, er dette syltynt i forhold til nasjonar vi samanliknar oss med, sa Noregs handballpresident Karl-Arne Johannessen då.

Mads Stian Hansen trur òg at jo fleire som speler handball, dess større er sjansen for at dei kan få fram dei største talenta, både ferdigheitsmessig og haldningsmessig.

– Vi har ein teori om at bredde skaper topp, og topp skaper bredde, men det viktigaste for oss er ikkje å få fleire toppspelarar, men at fleire vil spele handball, seier han.

Tal frå handballforbundet viser at fråfallet er prosentvis like stort blant jenter som blant gutar. Konsekvensane for herrelandslaget kan likevel bli større enn for damelandslaget, fordi to tredjedelar av landets aktive handballspelarar er kvinner.

Alta IF jenter16

FORSVAR: Mads Stian Hansen førebur forsvaret på angrep frå Anna Haddal.

Foto: Kristin Forland / NRK

13 år betyr nye reglar og meir press

Utvalet til handballforbundet har berre sett på fråfallet frå handballen, men å behalde ungdommen er noko den organiserte idretten som heilskap slit med.

NOVA, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring, har sett på endringane i barn og unges trening og fysisk aktivitet over ein periode på nesten 20 år. Rapporten peiker på to store utfordringar for idrettslaga: det eine er at det går føre seg ei differensiering der små og spesialiserte idrettslag; nydanna eller utspring frå eksisterande store lag kjem til. Den andre utfordringa er dei kommersielle treningssentera, som står mykje sterkare hos ungdom i dag enn for 20-25 år sidan. Samstundes ser NOVA at eigentrening og eigenorganisert idrett får ei større rolle.

Idrettens barnerettigheter

Det er i 13-årsalderen fråfallet byrjar, og når barna fyller 13 år gjeld ikkje lenger barneidrettsbestemmelsene, som regulerer kor mykje konkurranse det kan vere i sporten.

Vi er naudt til å ha større fokus på dei som ikkje er dei største talenta, men som har mest lyst til å trene.

Mads Stian Hansen

For mange ungdommar sender det aukande fokuset på prestasjonar dei ut av den organiserte idretten og inn på treningssentera.

– Vi er nøydd til å ha større fokus på dei som ikkje er dei største talenta, men som har mest lyst til å trene. For dei største talenta, som og har lyst til å trene, dei blir, og dei har vi allereie eit godt tilbod til, seier Mads Stian Hansen i Forbundsstyret til Noregs handballforbund.

Ein konsekvens av dette er at det ikkje lenger er regionale trenarar som skal plukke ut dei beste som får vere med på regionale spelartiltak. No skal dei som ønsker å vere med sjølv melde seg på, ei ordning som no skal gjelde lenger opp i aldersklassane enn før.

Rapporten frå NOVA syner òg at dei som driv med organisert idrett i barne- og ungdomsåra, er meir fysisk aktive som vaksne. Denne effekten finn ein spesielt blant dei med lang fartstid i idrettslaga.

– I eit folkehelseperspektiv så ser idretten si rolle. Det er klart det er viktig at ungdommen held seg aktiv, seier Hansen.

Òg som i ein kvar lagidrett er dei avhengige av nok medlemmar for å halde tilbodet i gang.

– Det er viktig at vi har spelarar, at vi kan stille lag, og at vi har flest mogleg som synest handball er noko å bruke tida si på, avsluttar han.