Arvid Sveens motkulturelle plakater
Foto: Arvid Sveen

Tettar hol i det nasjonale minnet

Plakatkunstnar og fotograf Arvid Sveen har visualisert Finnmarks store konflikter i plakatform. No har han donert heile sin plakatsamling til Nasjonalbiblioteket - ein etterlengta donasjon for Nasjonalbiblioteket, som no prøver å fylle eit stort hol i det nasjonale minnet.

– Vi syns det var fantastisk å få inn desse bidraga frå Arvid Sveen. Han er viktig for sin periode, og han tar opp mange tema som vi syns er viktig i denne perioden.

Det seier Arthur Tennøe, seksjonsleiar ved Nasjonalbiblioteket.

Arvid Sveen har donert 72 av sine egne plakatar til Nasjonalbiblioteket. Plakatane er utført med Sveen sine eigne fotografi, teikningar, akryl og gouache, som er bilete malt med ein spesiell teknikk.

Seksjonsleder Arthur Tennøe i Nasjonalbiblioteket

Seksjonsleiar ved Nasjonalbiblioteket, Arthur Tennøe.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Nasjonalbiblioteket fungerer på mange måter som landets kollektive minne, og for alle utgjevingar som er gjort allment tilgjengelege, skal det leverast eit eksemplar til Nasjonalbiblioteket. Men på 70- og 80-talet gjaldt ikkje denne plikta for plakatar. Først i 1989 kom lova som sa at alle dokument som er gjort allment tilgjengelege, skal leverast inn til Nasjonalbiblioteket.

Den kollektive hukommelsen har derfor eit hol som no vert forsøkt tetta.

– Plakatar er eit medium som viser kva som skjer i samfunnet. Dei er laga til eit spesielt arrangement eller ei spesiell sak, og har eit bodskap. Og dei er sånn sett ein del av det som rører seg i samfunnet. Som i Arvid Sveen sitt tilfelle, så tar dei opp dei heilt store samfunnsspørsmåla som dreier seg om EU, distrikta, den samiske befolkninga, fortel Tennøe.

Det er viktige tema som vart satt på dagsordenen frå 70-tallet og utover. Og så er det det at plakatane har prega det visuelle miljøet vi har vore i. Dei har hengt oppe på gater, og i heimar, har vore ein del av miljøet rett og slett. Dei er gjerne knytt til tida dei er skapa i, når det gjeld språket som vert nytta.

Møtte miljøkonfliktane gjennom jobben

Arvid Sveen

Arvid Sveen, her på fotojobbing i Framstredet mellom Svalbard og Grønland.

Foto: Privat

Frå 1971-78 jobba han i plan- og utbyggingsavdelinga i Finnmark fylkeskommune, der han kom i kontakt med konfliktane i fylket. Arbeidsoppgåvene handla mykje om bruken av Finnmarks land og vatn, med planar for arealdisponering på kommunalt, regionalt, og fylkesnivå.

– Eg blei jo involvert som planleggar i mange moglege konfliktområde, kan du seie. Det handla om reindriftsnæringa sitt behov for beiteland, kalvingsområde, flyttevegar og den slags, satt opp mot det øvrige samfunnet sitt behov for utbyggingsområde, hytteområde, bygging av vegar, kraftlinjer, kraftutbygging, bergverk, og i tillegg skuterløyper, jaktområder, fikserettar. Eg blei veldig klar over alle desse konfliktane. Det speiler jo nokre av plakatane, fortel Sveen.

Utfordrande å skulle fronte den samiske kampen

Fleiree av plakatane til Sveen tar opp den samiske selvstendekampen, slik som plakaten han laga for Tromsø sameforening i 1980.

– Plakaten, som vi kalte samisk framtid, resulterte i ein slags visuell kommentar til temaet om samisk frigjering og samisk framtid nasjonalt. Det var eit innlegg i debatten om meir samisk sjøvlstyre. Sjølv om det var ni år igjen før sametinget blei åpna av kongen, fortel Sveen.

Arvid Sveens protestplakat

Plakaten 'Samisk framtid' frå 1980. Eier: Nasjonalbiblioteket.

Foto: Arvid Sveen

Det var ikkje alltid like enkelt for Sveen å tilnærme seg den samiske kulturen.

– Det var utfordrande å skulle lage ein slags agitasjonsplakat som skulle fronte ein samisk kamp. Eg lurte jo på kvifor ikkje samiske kunstnarar ikkje fekk eit slikt oppdrag. Kvifor skulle eg gjere det? Eg fekk som svar at det kunne vere ein stor belastning for ein samisk kunstnar, det å skulle lage ein slik agitasjonsplakat. For det var jo ikkje bestandig einsemd innad det samiske samfunnet heller, om korleis verda skulle sjå ut, seier han.

– Korleis var det som ikkje-samisk å skulle lage noko som skulle representere det samiske?

– Det var såpass utfordrande at eg laga ei skisse, og drog til den meir berømte samiske kunstnaren Iver Jåks i Karasjok, for å få hans kommentar til forslaget mitt. Og han sa «Det er alt for kantete. Det samiske er mykje mjukare».

– Men eg tenkte at det kanskje er behov for litt spissare olboger og litt skarpare samiske kantar, akkurat på det tidspunktet, så eg haldt meg til kantane. Det blei inga endring, fortel Sveen.

Ei anna kjent teikning frå Sveen er ein liten samisk gut, som får tredd norsk topplue nedover hovudet.

– Eg teikna denne guten først i 1972 til avisa Ságat. Så laga eg ein plakat som blei kalla "Samisk frigjering", der eg øvst til venstre byrja med denne lille teikninga, med ei fortsetting, der han frigjorde seg fra topplua, og samstundes så dukka det samiske flagget meir og meir opp, forklarer han.

Arvid Sveens motkulturelle plakater

På lakaten 'Samisk frigjering' har Sveen brukt ein versjon av det samiske flagget som blei teikna av Synnøve Persen, og som var i bruk fra 1977 til 86 da det noverande flagget blei godkjent.

Foto: Arvid Sveen

Det er en versjon av det samiske flagget som blei teikna av Synnøve Persen, og som var i bruk fra 1977 til 86 da det noverande flagget blei godkjent.

Det var gjennom jobben som fylkesreguleringsarkitekt, der Sveen reiste rundt i alle kommunane i fylket, at han kom i møte med den samiske kulturen i Finnmark.

– Eg byrja opprinneleg i ei stilling som arkitekt i boligtiltaka for indre Finnmark. Det gjekk ut på at staten hadde dårlig samvit for mange samer bodde i dårlige hus. Det blei laga ein rapport som heitte "Om dårlige hus og fattige folk i indre Finnmark". Meininga var då å oppgradere boligmassen, den samiske boligmassen, og i nokon grad då tilby nye boliger til folket.


- Eg lager ein haug med skisser, og putter dei saman på ein stor original, så trykkes den med normal fargeseparering, som var måten å gjere det på på den tida. Men nokon gongar, for å spare pengar, for det å fargeseparere ein sånn stor original og klargjere den for trykk, det var ofte veldig dyrt. Det var veldig dyrt på den tida. Så nokon laga en ved å lage tre originaler, eller fire, ein for svart, ein for gult, ein for blått, ein for raudt, for å ta dei samiske fargane. Og så blei dei fire fargane trykt kvar for seg på papiret.

Starta med juletrefestar

Dei aller første plakatane til Arild Sveen laga han til juletrefestar på bedehuset der far hans styrte. Men den første trykte plakaten laga han i 1967, då han var arkitektstudent ved NTH i Trondheim.

Jarragakk

Arvid Sveen sin første trykte plakat, for studentveka i Trondheim 1967.

Foto: Arild Sveen

– Der vart det anna kvart år arrangert ei studentveka med ein revy som eit viktig element. Utforminga av revyplakaten var som regel ein konkurranseblant arkitektstudentane, og den konkurransen vant eg både i 1967 og 1969, fortel Sveen.

Ifølge studenterteateret si nettside fekk Sveen kritikk for 1967-plakaten fordi han brøyt «den uskrevne regelen» om at plakaten skulle vere usignert. Men denne «regelen» var visstnok ikkje særleg gammal, og fram til og med 1945 var dei fleste plakatene signert, i det minste med initialar. Vidare skriv teateret at Sveen kvitterte med å plassere biletet av både seg sjølv og kjærasten i collagen på plakaten for revyen i 1969.

Sveen er født i Ringsaker i Hedmark. Etter studiene var det militæret som fekk Sveen nordover.

– Eg kom til Finnmark nettopp fordi eg ikkje visste noko særlig om Finnmark. Eg hadde vore åtte månadar i militærteneste på Sætermoen i indre Troms. Det var det som tente lysta på å kome tilbake og bu her i nord ei stund. At det skulle bli 28 år, det hadde eg ikkje heilt planlagt, fortel Sveen.

Bortsett frå ein treårsperiode i Hammerfest, har Sveen tilbragt sine 28 finnmarksår i Vadsø. Men allereie i 1978 sa han opp jobben hos fylkesmannen i Finnmark for å satse på frilanstilværet. I tillegg til å ha gjeve ut ei rekke bøker, har Sveen utforma meir enn 50 norske kommunevåpen og i 2004 fikk han Finnmark fylkeskommunes kulturpris.

Det same året, 2004, valgte Sveen å forlate Finnmark til fordel for Tromsø, der han no bur.

– Det var lysta til å prøve eit større miljø, og å ha fleire kollegaer, som gjorde at eg flytta til Tromsø, seier han.