Hopp til innhold

Vil ha hjartestartar i alle taxiar

Idéen frå éin taxisjåfør har breidd om seg. 30 hjartestartarar er blitt fordelte rundt i taxiar i Finnmark. No skal idéen ut i resten av landet.

Taxisjåfører for Vadsø taxi

VADSØ: Espen Jankila og Arnfinn Vangsvik i Vadsø taxi er positive til å ha hjartestartar i alle drosjer i landet.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Allereie i mai hadde dagleg leiar i Kirkenes Taxi, Bjørn-Eirik Mikkola tanken: ein hjartestartar i kvar ein taxi.

Etter det har mykje skjedd – og nyleg kom 30 hjertestartarar til Kirkenes, som no er fordelte i taxiar rundt i Finnmark.

– Eg synest det er veldig positivt. Som regel så er det bestandig ein drosje der skjer noko, seier Espen Jankila som er drosjesjåfør i Vadsø.

Vadsø har åtte drosjer og to minibussar, men foreløpig er det berre ein av bilane som har hjertestartar.

– Vi køyrer mykje sjuke folk, så det vil vere ein tryggleik for oss òg, seier Jankila.

Taxisjåfør Arnfinn Vangsvik har ikkje sjølv opplevd situasjonar der han kunne trengt ein hjartestartar, men han støtter òg forslaget.

– Det er tryggande for folk langs kysten, og der det er lengre mellom apotek og slike plassar, men det er viktig å hugse på at vi ikkje er helsepersonell, seier han.

Åtte kommunar med så langt

Håpet er at alle Vadsø-taxiane etter kvart skal få eigen hjertestartar. Målet er å få hjartestartarar i alle de 90 bilane i fylket, seier Bjørn-Eirik Mikkola.

– Det vil bety at ein drosje i Kirkenes kan vere med å redde eit liv på Båtsfjordfjellet, Ifjordfjellet, Lakselv eller Karasjok, seier han.

Finansieringa skal skje ved eit spleiselag mellom alle kommunane i Finnmark, taxinæringa sjølv, de største bedriftene og fylkeskommunen.

Åtte kommunar i Finnmark har allereie sagt ja, og seks til skal behandle spleiselaget etter ferien. Blant dei er Vadsø kommune.

Hans-Jacob Bønå

Ordførar i Vadsø, Hans-Jacob Bønå.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Ordførar i Vadsø, Hans-Jacob Bønå stiller seg positivt til ønsket om hjertestartar i alle taxiar, og tar saka opp i formannskapsmøtet i august.

– Eg trur det kan vere ei god løysing for å kunne berge liv. Det kan inntreffe hjartestans om bord i taxien, men ein kan og tenke seg at ein har hjartesvikt på ein stad der ein taxi køyrer forbi, seier Bønå.

Vil ha samarbeid med LHL

Mikkola er også Styreleiar i Norges taxiforbund, avdeling Finnmark, og no ønsker han
å løfte ideen opp på eit nasjonalt nivå.

– Eg vil at det skal bli spreidd lenger ut enn Finnmark, seier han.

På eit seminar tidlegare i år la Bjørn-Eirik Mikkola saka fram for heile drosje-Norge, og fekk tommelen opp. I august møter han Norges taxiforbund og Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) for å diskutere eit samarbeid.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark