Hopp til innhold

Vil doble talet på oppdrettsanlegg: Fiskar fryktar han mistar sin siste fjord

To selskap foreslår å doble talet på oppdrettsanlegg ved den største kystfiskeflåta i landet. Paul Jensen fryktar han og andre kystfiskarar blir pressa ut av fjordane.

Paul Jensen

UROA: Paul Jensen fryktar han endar som sesongfiskar om fleire oppdrettsanlegg blir godkjent i fjordane hans.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Eg forstår ikkje kva dei har tenkt med. For meg blir det umogleg å fortsette å fiske slik eg gjer no, seier Paul Jensen. Han er fiskar og styremedlem i Kystfiskarlaget.

Tromsø og nabokommunen Karlsøy har den største kystflåta i landet. I dag deler fiskarane der fjordane med 22 oppdrettsanlegg. I forslag til ny Kystsoneplan foreslår to av dei største lakseoppdrettarane i landet 19 nye.

Kjem forslaget, som iTromsø har omtalt, gjennom, vil kommunane bli blant dei største vertskommunane for lakseoppdrett.

Ifølgje Jensen vil dette råke dei siste urørte fiskeområda i fjordane, i tillegg til viktige rekefelt.

– Dei beste områda i fjordane våre her er allereie øydelagde. Før var det godt fiske i heile Ersfjorden. No er fiske der rett og slett ulønnsamt, seier Jensen.

Dei som driv med sjarkfiske er avhengige av fjordane for å kunne fiske heile året, og for å kunne forsyne fiskeindustrien på land.

– Å drive haustfiske med line blir så å seie umogleg. Du må halde lang avstand til anlegga for å i heile tatt få fisk, seier Jensen.

Et av anleggene til Norway Royal Salmon.

STADIG FLEIRE: Eit av Norway Royal Salmon sine oppdrettsanlegg. Desse blir det stadig fleire av i fjordane.

Foto: Norway Royal Salmon

Vil bidra til vekst

Selskapa Norway Royal Salmon og Mowi har spelt inn fleire anlegg i område med urørt natur. Gode botnforhold og vasstraumar er årsaka til at dei har valt nettopp desse områda.

– Vi ønsker å bidra til vekst i landsdelen. Styresmaktene har sagt at det skal nettopp vere vekst i oppdrettsnæringa i nord.

Det seier Knut Håvard Krokstrand i selskapet Mowi. Han seier dei har god erfaring med

Knut Håvard Krokstrand

SAMEKSISTENS: Knut Håvard Krokstand og lakseselskapet Mowi har god erfaring med å dele fjorden med fiskarar, og vil etablere anlegga på deira sine premissar.

Foto: Privat

sameksistens med fiskarar, og trur dei vil oppnå det her også.

– Planane er ikkje ferdig greia ut akkurat no, men i prosessen vil vi ha dialog med både naboar og fiskarar for å diskutere korleis vi kan kombinere dette, seier Krokstad.

I ein e-post til NRK skriv NRS at meir havbruk vil vere positivt for lokalsamfunna i nord, og at dei også har tru på ein god sameksistens med kystfiskarane.

– Dette er ikkje ei arealkonflikt

Paul Jensen avviser harmonien oppdrettsselskapa skildrar mellom dei.

– Det er store konfliktar her. Det er vi som har blitt ofra i utbygginga av oppdrett, seier Jensen.

Det er lite informasjon og forsking på korleis havbruksnæringa påverkar fiskeria. Men fiskarar sjølv meldar om store utslepp av lusemiddel og oppdrettsfôr.

Jensen seier at fjordfisket ikkje toler fleire oppdrettsanlegg. Ikkje før anlegga blir utsleppsfrie.

– Vi er vant til å dele havet med andre fiskarar, men det vi ikkje greier er forureininga det medfører, seier Jensen.

– Det kan godt kome fleire oppdrettsanlegg, men då må dei vere utsleppsfrie.

Paul jensen

LUKKA ANLEGG: Paul Jensen deler gjerne havarealet med andre, men meiner forureining frå oppdrettsanlegga øydelegg for fiskarar.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Vil sette krav til utslepp

Forslaget inngår i Kystsoneplanen, som blir vedtatt av Tromsø, Karlsøy og Balsfjord i 2021.

Gunnar Wilhelmsen, ordførar i Tromsø, vil derfor ikkje kommentere kor mange anlegg som blir godkjent.

– Vi skal køyre ein ordentleg prosess, der alle aktuelle partar blir involvert, seier Wilhelmsen.

Mona Pedersen, ordførar i Karlsøy, legg også vekt på dette. Men seier at enkelte av forslaga er lagt vell tett kvarandre, og det marine verneområde i kommunen.

– Det skal vere rom for fleire oppdrettsanlegg i Karlsøy. Men vi er ei stor fiskerikommune, og fiskarane skal ikkje føle seg pressa ut, seier Pedersen.

Fleire av representantane i kommunestyret har tatt til orde for utsleppsfrie, eller lukka anlegg. Pedersen seier dei vil sjå på i kva grad det er mogleg å krevje dette.

– Men 19 nye lokalitetar er nok ikkje verkeleg, avsluttar ho.

Mona Benjaminsen

FISKERI OG HAVBRUK: Mona Pedersen er ordførar i Karlsøy, og vil legge til rette for at både fiskarar og oppdrettsanlegg skal føle seg heime der.

Foto: Pål Hansen/Marita Andersen / NRK