Hopp til innhold

Vi varmar opp til NM-sirkuset

Alle dei store namna i langrenn er på veg til Tromsø - vi tar tempen på NM-stemninga i Ishavsbyen!

Ski-NM i Tromsø sparkes i gang snart.

Martin Johnsrud Sundby. Petter Northug jr. Therese Johaug. Ingvild Flugstad Østberg.

Gunnar Grindstein, Frode Thorshaug og Pål Thomassen dekker NM på ski

KLAR FOR SENDING: Reporter Gunnar Grindstein, tekniker Frode Thorshaug og programleiar Pål Thomassen er klare for vorspielsending direkte på radio og på nett.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

I fire dagar skal NM-sirkuset herje i Tromsø, når NM på ski går av stabelen på Storelva stadion på Kvaløya. Og kva er vel betre enn å varme skikkeleg opp med ei vorspielsending, dagen før dagen?

NRK Troms og NRK Sport går saman om sendinga, kor vi byr på NM-stemning, vi jaktar på dei store stjernene, i tillegg til at du får dei siste oppdateringane om vêr og løypeforhold.

– Det blir aktuelle gjestar, både nasjonale og lokale, det blir innslag – og det blir musikk, seier reporter Gunnar Grindstein, som skal jobbe i tospann saman med NRK sin langrennskommentator Pål Thomassen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark