Hopp til innhold

Vadsø-ordføraren vil hente arbeidsplassar frå Tromsø

Ei samanslåing mellom Troms og Finnmark betyr ikkje nødvendigvis berre at arbeidsplassar blir flytta frå Vadsø til Tromsø.

Hans-Jacob Bønå

Vadsø-ordførar Hans-Jacob Bønå satsar på å få henta arbeidsplassar innan til dømes klimaforsking til Vadsø.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Får Vadsø-ordførar Hans-Jacob Bønå (Høgre) det som han vil, blir det også flytta ei rekkje arbeidsplassar motsett veg. Bønå ser nemleg for seg at arbeidsplassar innan til dømes forsking og nordområdepolitikk, som i dag ligg i Tromsø, hamnar i Vadsø.

– Eg ser at det ligg mange moglegheiter i samanslåingsavtalen som nyleg vart signert. Men det må ikkje avgrense seg til to-tre leiarstillingar, for det blir det ingenting av. Det må vere noko meir, seier Bønå til NRK, og utdjupar:

– I avtalen har dei blitt einige om at Vadsø i framtida skal ha eit internasjonalt overordna arbeid om Arktis, mellom anna. Då er det heilt naturleg å sjå på kva statleg aktivitet som kan leggast ut i regionane. Oppgåver bør lokaliserast til Vadsø, til dømes.

FFK Finnmark fylkeskommune

Finnmark fylkeskommune blir historie frå 1. januar 2020. Frå då av blir Finnmark og Troms samla til éin storregion. Det betyr også at ein del sentrale funksjonar blir flytta frå Vadsø. Spørsmålet er kva nye arbeidsplassar som kan hamne i byen.

Foto: Tor-Emil Schanche / NRK

Eg ser at det ligg mange moglegheiter i samanslåingsavtalen som nyleg vart signert.

Hans-Jacob Bønå

– Heilt naturleg

Hans-Jacob Bønå meiner det er heilt naturleg at Vadsø får arbeidsplassar frå Tromsø, når det same skjer motsett veg.

– Sentraladministrasjonen og den politiske styringa i Vadsø skal fysisk flyttast til Tromsø. Då er det heilt naturleg å sjå for seg kva oppgåver som ligg i Tromsø i dag, som ikkje er naturleg å ha der seinare.

Bønå vil ikkje spekulere i kor mange arbeidsplassar som eventuelt kan bli flytta frå Tromsø til Vadsø.

Willy Ørnebakk

Willy Ørnebakk er fylkesrådsleiar i Troms og har dessutan vore fylket sin forhandlingsleiar i samtalane med Finnmark. Ørnebakk meiner at samanslåinga ikkje fører til at nokon skal flytte frå Tromsø til Vadsø, eller omvendt.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Willy Ørnebakk (Ap) er fylkesrådsleiar i Troms og har leia fylket sin delegasjon i samanslåingsforhandlingane med Finnmark. Han har ikkje sansen for utspelet til Bønå.

– Ein premiss for heile diskusjonen er at folk blir nøydde til å flytte til Tromsø eller Vadsø. Den premissen vil eg ikkje vere med på i det heile. Basisen har vore at vi skal endre på måten vi er organisert på, ikkje på kvar folk sit, seier Ørnebakk til NRK.

Fylkesrådsleiaren meiner det er ei misforståing at alle som skal jobbe med kultur, skal sitje i Tromsø. Eller at alle som skal jobbe med miljø, skal sitje i Vadsø.

Men på sikt kan det vere at nokre får andre arbeidsoppgåver enn i dag, vurderer Ørnebakk.

Den premissen vil eg ikkje vere med på i det heile.

Willy Ørnebakk

Fryktar Tromsø-draget

Denne veka hadde dei tilsette i Finnmark fylkeskommune for første gong eit informasjonsmøte om det som har fått namnet «Gardermoen-avtalen». Fortvilinga blant dei tilsette er stor.

– Eg har fått mange reaksjonar og eg trur alle har vore negative. Nokre seier at dei er på jakt etter ny jobb allereie, seier tillitsvalt Karin Henriksen i Parat.

Informasjonsmøte i Finnmark fylkesting

Cirka 260 personar jobbar på fylkeshuset i Vadsø. Denne veka var veldig mange av dei samla på eit informasjonsmøte om samanslåingsavtalen med Troms – som no kanskje blir vedtatt i fylkestinget i Finnmark

Foto: Sidsel Vik / NRK

Ho og kollega Tor Fredrik Olsen fryktar det såkalla "Tromsø-draget". Når leiarstillingar blir flytta til storbyen, følgjer andre stillingar etter. Dei fryktar dette vil skje når femårsgarantien går ut i 2025.

– Vi har selt oss vekk til Troms, meiner Henriksen.

Tor Fredrik Olsen og Karin Henriksen

Tor Fredrik Olsen og Karin Henriksen er tillitsvalde for Parat.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark