Temperaturmålaren viser 18 minusgrader, og kaldare skal det truleg bli. Men barna ser ikkje ut til å la seg påverke i utebarnehagen. Dei er i full aktivitet.
– Så lenge barna har godt med klede, trivast og har engasjerte vaksne rundt seg, så er det ikkje noko problem, fortel Lillian Hammari Opgård.
Ho er barnehagelærar i ein utebarnehage som legg ekstra stor vekt på natur og friluftsliv. Dei er ute i all slags vêr, men det er ikkje ei sjølvfølge for alle andre barnehagar.
Fekk ikkje vidare støtte
For tre år sidan utvikla og støtta Friluftslivets år 2015 samarbeidsprosjektet «Naturpilotene» i regi av Private barnehagers landsforbund (PBL). Hensikta var å gi tilsette kompetanse i korleis man brukar naturen og har uteaktivitetar.
Kursplassane blei fullbooka på eit blunk og over 2000 tilsett i barnehagesektoren deltok. Norsk Friluftsliv søkte om å støtte til å vidareføre prosjektet året etter, men fekk avslag.
– At dei vaksne sjølv har kompetanse og interesse for å vere ute er sentralt. Dersom ungane blir sitjande i ro, blir dei raskt kalde eller begynner å kjede seg, seier førstelektor Inger Wallem Krempig.
Treng meir utdanning
Krempig jobbar ved barnehagelærarutdanninga til UiT. Ho meiner det er viktig at barnehagepersonalet ser moglegheita for leik, bevegelse og pedagogiske aktivitetar også når barna er ute.
– Utetida er ein viktig del av det pedagogiske arbeidet i barnehagane. Òg naturen eller uteområdet gir mykje stimulig til å vere i fysisk aktivitet, utvikle motorikken og det sosiale samspelet barna imellom.
Det er stor interesse for å lære meir om korleis man aktiviserer barnehagebarn ute. På alle barnehagelærarutdanningane har man eit fag som heiter «natur, helse og bevegelse», men mange ønskjer å lære meir. Dette har Universitetet i Tromsø teke tak i.
– Elevane på tredje studieåret ønska ei fordjuping. Dermed har vi starta opp eit nytt fordjupingsemne som heiter «barn utforskar naturen». Dette går på å bruke utetida på ein god måte, seier Krempig.
Kosar seg i minusgradene
– Det er mange spennande ting å finne på. Ein kan måle på snøen, halde på med is, bygge og leike, seier barnehagelæraren Lillian Hammari Opgård.
Òg barna ved utebarnehagen ser ut til å ha fullt opp med prosjekt.