Hopp til innhold

Historisk gigantbot til skip på Svalbard

For første gong har eit reiarlag fått bot for å ha segla med tungolje innanfor farvatnet rundt Svalbard. Bota lyder på 1 million kroner.

Havna og polarsyssel i Longyearbyen

Tidlegare denne månaden seglde eit utanlandsk skip inn i Svalbards farvatn. Det blei dyrt for dei. På biletet ser vi Sysselmeisterens skip Polarsyssel. Skuta til høgre er ikkje involvert i saka.

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

Det melder Sysselmeisteren.

Det var 6. juni i år at utanlandsk lasteskip passerte inn i Svalbards farvatn, sjølv om skipet hadde tungolje om bord. Dette blei bekrefta ved ein kontroll utført av inspektørar ved Sjøfartsdirektoratet same dag.

Dette er eit brot på Svalbardmiljøloven, som fastslår at skip som anløper Svalbard ikkje kan bruke eller ha tungolje som framkomstmiddel.

– For brotet på Svalbardmiljøloven paragraf 82a har Sysselmeisteren på Svalbard retta eit inndragingsførelegg mot det utanlandske reiarlaget på 1 million kroner. I tillegg er kapteinen på skipet gitt eit førelegg på 30 000 kroner, skriv Sysselmeisteren.

Det er første gong at det er gitt førelegg i samband med brot på tungolje-regelen på Svalbard.

– Dette er første saka av sitt slag, og vi tenkte vi skulle gjere det ordentleg og grundig når vi fekk saka til etterforsking. Reaksjonen reflekterer alvorsgraden, seier sysselmeister Lars Fause til NRK

Lars Fause. Sysselmester. Svalbard.

Sysselmeisteren har gitt bot på 1 millionar kroner for brot på Svalbardmiljøloven.

Foto: Jannicke Mikkelsen

Forbodet tredde i kraft 1. januar 2022, og er viktig på grunn av Svalbards sårbare natur.

– Man er redd for havari. Eit utslepp frå eit stort fartøy vil vere ekstremt øydeleggande for sårbar natur her oppe. Man vil ikkje risikere at naturen her blir fullstendig øydelagt, seier Fause.

Førelegga er ikkje vedtatte. Reiarlaget stilte garanti for summen av førelegget og fekk dermed segle ned frå Svalbard onsdag kveld den 12. juni.

Hovudforhandling i saka er dagsett i Senja og Nord-Troms tingrett i begynninga av oktober.

Les også Isbjørnen tok selfie: Mener ny lov stopper nye unike bilder av «kongen av Arktis»

Kamera-isbjorn-2.jpg