Hopp til innhold

Ungkunststipend til anonyme kunstnarar og krisehandteringskunst

Festspillene i Nord-Norge har i dag tildelt to Ungkunststipend for neste års festival til to kunstprosjekt. Bak det eine prosjektet står ein gjeng anonyme kunstnarar.

Portrettfoto av Takel Karoline Nystabakk og Kristine Myhre Tunheim, med svart bakgrunn

Rakel Karoline S. Nystabakk og Kristine Myhre Tunheim står bak Ungkunstprosjektet «Rykk tilbake til start» som har premiere under Festspillene i Nord-Norge i 2017.

Foto: Marius Fiskum

Festspillene tok imot 17 søknadar på Ungkunststipend for neste års festival. For neste år tildeler Festspillene i Nord-Norge to stipend på 150.000 kroner.

Dei to prosjekta som har fått stipend, er prosjekta ved namn «Rykk tilbake til start» og «KviskreKlan», som begge vil ha premiere neste år.

Anonymt bilde av KviskreKlan, med skilt framfor fjesa

«KviskreKlan» er eit prosjekt som har fått 150.000 kroner i stipendstøtte frå Festspillene i Nord-Norge.

Foto: Privat

Damene bak «Rykk tilbake til start» er scenekunstnar Kristine Myhre Tunheim frå Sørreisa og musikar og komponist Rakel Nystabakk frå Sørfold, medan kunstnarane bak «KviskreKlan» ønsker å vere anonyme.

Det skriv Festspillene i Nord-Norge i ei pressemelding.

– Høgaktuelt

Om «KviskreKlan» heiter det at prosjektet er ein performativ kviskreleik, som stiller spørsmål ved eigarskap, sensur, lukka miljø og rekruttering. Kunstnarane lokkar med hemmelege seremoniar og ei rekke aksjonar under neste års utgåve av festivalen.

«Rykk tilbake til start» vert skildra som eit prosjekt for å lage ein overlevingsplan for 2017-mennesket. Dei to kunstnarane skal reise ut og intervjue folk i Nord-Norge om krisehandtering, og stiller spørsmål om nordnorsk historie, samtid, folkemusikk og multikulturalisme kan hjelpe oss å handtere ei brutalisert verd, heiter det i pressemeldinga frå Festspillene.

Festspilldirektør Maria Utsi

Festspilldirektør Maria Utsi.

Foto: Nils Mehren / NRK

– Bak «KviskreKlan» står unge kunstnarar som tør å setje fokus på usynlege maktstrukturar og «Rykk tilbake til start» er eit superaktuelt, dristig prosjekt som viskar ut skiljet mellom politikk og kunst, noko som er høgaktuelt for både Festspillene og Nord-Norge, seier direktør Utsi i pressemeldinga.