Hopp til innhold

Ulovleg rein på Rolvsøy

Ordføraren melder reineigar til politiet.

Reinflokk
Foto: Knut-Sverre Horn

Ordførar Ingalill Olsen i Måsøy har meldt ein reineigar frå Kautokeino til politiet, for å ha sett ut reinen sin på Rolvsøya ulovleg.

Kommunestyret har tidlegare sagt einstemmig nei til reindrift på øya.

Oppgitt ordførar

– Vi synst dette er ganske underleg. Vi får beskjed frå innbyggjarane på Rolvsøya om at det blir ilandsett rein der, og i haust bestemte kommunestyret at vi ikkje skal ha reinbeite på Rolvsøya, seier ein oppgitt ordførar Ingalill Olsen.

I dag har ho sjekka med reindrifts- og landbruksforvaltninga, som òg meiner at plasseringa av reinen på Rolvsøya er i strid med lova.

Politisak

– Dette er heilt ulovleg og frå kommunen si side vurderer vi det som så grovt, at vi har vald å melde det til politiet, seier Olsen.

No er det opp til politiet å vurdere om reinen er sett ut ulovleg og om han dermed må bli fjerna. Reineigaren eig ein gard på Rolvsøya, men har ikkje løyve til å halde rein som husdyr der.

– Vi har vore i kontakt med reineigaren mange gong og han er fullstendig klar over at han ikkje har lov til å halde rein der ute, seier Ingalill Olsen.