Hopp til innhold

Trur leigemarknaden vil redde småbruka frå masseforfall

Rundt 30.000 småbruk står tomme rundt om i landet. Men eigarane tviheld på eigedommane. No håpar bondelaga leigemarknaden kan redde norske småbruk frå massenedlegging.

Marit Klemetsen Arneberg og Oda Siebke Løge

Forskningsteknikar Oda Løge og biolog Marit Arneberg, har gjennom leigemarknaden blitt småbønder på si.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Det siste året har Oda Løge og Marit Arneberg brukt til tetting av tak, reparering av kjellarlemmar, måling, og ikkje minst til å bryte jord.

Dei er leigebuarar på eit lite blåkarma småbruk, heilt inst på Kvaløya i Tromsø. Bruket var sist i drift på 50-talet.

– Det har ikkje vore aktuelt for oss å kjøpe når vi ikkje har peiling på nokon ting. Men når vi kan leige og teste litt, får vi sett at ting funkar og at det er gøy, seier Løge.

Ifølgje SSB har i snitt sju bruk gått ut av drift, kvar einaste dag, dei siste femti åra. Rundt om i landet står derfor 30.670 småbruk til forfall. Mange blir brukt som feriebustadar.

Kjersti Hoff

Kjersi Hoff, leiar i Småbrukarlaget.

Foto: Norsk bonde- og småbrukarlag

– Vi er ei rik befolkning som har råd til å behalde dei. Og så sit det langt inn i sjela og ryggmergen, det er vanskeleg å selje noko du har gode minner ifrå, seier Kjersti Hoff.

Ho er leiar i Småbrukarlaget, som i mange år prøvd å få buplikt også på dei små bruka. All den tid dette ikkje har blitt noko av, håpar dei leigemarknaden kan redde småbruka frå forfall.

For det er mange som viser interesse i småbruk, fordi dei ønsker å bu og drive. På finn.no har det vore det mest bruke søkeordet i mange år. Men fordi få bruk er ute til sal, har det blitt kjempedyrt å kjøpe.

Oda og Marit

Midt på plenen har dei gjort plass til litt bydyrking i kasse. Her har dei blant anna grønkål, blomkarse og ringblom.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Drøymer om eit småbruk

I fleire år har vennane Marit Arneberg og Oda Løge hatt ein draum om å drive småbruk. Det siste året har gitt dei høve til sjå korleis det livet kan bli. At dette er eit liv dei kan meistre.

– Det gjer at vi ser det er mogleg, at vi får til utruleg mykje. Eg trur mange kan innsjå at det er lettare enn ein trur, også med kapital. Det er stor terskel å skulle kjøpe, seier Løge.

Oda Siebke Løge

Oda Løge har nykokt kaffi i koppen, og kompost under kjøkkenbenken. Til dagleg er ho forskningsteknikar ved Norsk Polarinstitutt.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Potetåkeren er lagt under svart presenning for vinteren. Mesteparten av dette året har gått til å førebu jord og gard til neste år.

På låveveggen heng eit lite drivhus og på enden av bygget står hønsehuset. Alt har dei bygd opp i løpet av våren.

– Det har vore litt testfase i år. Det har blitt litt poteter, eg må seie at det er større suksess enn eg trudde det skulle bli. Ingen av oss har gjort noko liknandes før, seier Arneberg.

Marit Arneberg

Marit Arneberg er avdelingsingeniør ved NINA (Norsk institutt for naturforskning. Ho har ein draum om eit kollektivt småbruk: – Det er ikkje lenger ein utopisk draum.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Regjeringa må legge til rette

Spesielt i utkantane er nedgangen i aktive småbruk kritisk. Her er det få nabobruk til å ta over jorda rundt småbruka, som endar opp med å gro att og liggandes brakk.

– Vi har ikkje råd til og ikkje bruke jordbruksareala våre betre, når vi veit at klimaendringane vil prege oss framover, og vi vil ha meir behov for mat, seier Kjersti Hoff.

Ho trur utleige vil gjere det lettare for folk å kome inn i jordbruket, om dei kan leige nokre år først. I tillegg vil det bidra til å halde hus og jord ved like, om eigarane bestemmer seg for å selje seinare.

Erling Aas-Eng i fjøset sitt på Tolga.

Erling Aas-Eng i Bondelaget.

Foto: Geir Olav Slåen

–Terskelen for å byrje å bryte opp skog er høgare enn om du tek over eit jordareal som er greitt å fortsette på, seier Hoff.

Bondelaget meiner at aktive bruk i utkantane er så viktig at dei vil at kommuner skal sjå på høve for å lage ei tilskotsordning som gjer det ekstra attraktivt å leige ut der.

– Ofte er det pengesterke menneske som vil ha ein fritidsbustad, og i den konkurransen kan dei kome til kort, folk som vil busette seg på bygda og kjøpe ein slik livsstil, seier Erling Aas-Eng i Bondelaget.

Pus er også del av småbrukardraumen

Ein pus har flytta frå Tromsø by til eit lite småbruk.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Statssekretær i mat- og landbruksdepartementet, Widar Skogan, er på si side kritisk til dette.

Statssekretær Widar Skogan.

Statssekretær i Mat- og landbruksdepartementet, Widar Skogan.

Foto: Torbjørn Tandberg

– Det å lage eigne tilskotsordningar i jordbruksavtalen, det å bruke jordbruket sine pengar til å vedlikehalde bygg på bruk som ikkje er i drift. Det blir feil.

Han meiner det er opp til kommunane å lage strategiar knytt til at familiar kan ha langtidskontraktar på å leige småbruk.

Samtidig på Kvaløya ligg store delar av marka framleis urørt. Krattet har fått vekse seg i knutar alle dei åra jorda har lege i ro. Målet er å frå preppa marka til neste år. Kanskje med bruk av geiter.

Det er eit møysommeleg arbeid, og få eit bruk og jorda tilbake i drift. Men både Arneberg og Løge er unisone på at dette året har gjort dei meir trygg på småbrukslivet.

– Heilt klart ja. Vi må nesten klype oss i armen. Er det mogleg å bu på ein slik stad, ler Oda Løge.

Eit småbruk på Kvaløya

Bruket som sist var i drift på 50-talet, men som har vore leigd ut mange gongar sidan. Dette gjer at det framleis er i god stand.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark