– Det fungerer ganske bra. Det er fleire som har stussa på at eg sit på Lillehammer og jobbar med kysten, men det er problemfritt, seier Fredrik Johannesen.
Han jobbar i kunnskapsbedrifta Salt med å koordinere feltarbeid langs kysten – så langt frå havet som du kan kome i Noreg.
Næraste kollega sit i Trondheim. Hovudkontoret ligg 122 mil unna, i Svolvær.
Heilt åleine sit han ikkje likevel. Felleskontor med fleire bedrifter har også skapt eit fellesskap. Slik er ikkje det sosiale tapt.
Fredrik budde i utgangspunktet i Lofoten, men etter at han fekk barn, kom behovet for å finne ein ny stad å bu.
– Eg har flytta til eit fylkessentrum, frå distriktet. Men Lillehammer er ikkje ei storkommune, og eg vil ikkje vere ein av dei som flyttar mot sentrum.
Staten testar ut heimekontor i nye stillingar
Heimekontora har vist oss at vi kan jobbe saman frå nesten overalt. Kva betyr det for kvar vi bur om heimekontora er her for å bli?
Det vil Næringsdepartementet teste ut.
Næringsminister Iselin Nybø har for første gong lyst ut stillingar der arbeidsstaden ikkje er sett.
Foto: Frida Ripland Moberg / NRKEtter kvart vil dei også sjå om dette kan fungere i større skala. Næringsminister Iselin Nybø trur dette vil gjere det lettare å få dei som er mest kvalifiserte til jobben.
– Det er ikkje alle som ønsker å bu i Oslo sentrum, og vi ønsker dei beste kandidatane, og dei kan vere i heile landet, seier Nybø.
Det var store flyttestraumar ut av Oslo i fjor. Kor lenge dette vil vare veit vi ikkje. Kan heimekontora gi oss moglegheita til både til å bu der oss vil, og få den jobben vi vil ha?
Hobby kan bli viktigare enn jobb
Det er gjerne fire grunnar som er viktig for kvar vi bur:
- Arbeid
- Bustad
- Familie
- Stadkvalitet
Ifølgje samfunnsøkonom og demograf, Marianne Tønnesen viser til dømes Fredrik Johannesen, at arbeid kan få mindre å seie framover.
– Då blir det spennande å sjå kva anna som blir viktig for kvar vi bur. Om bustad, familie og stad blir viktigare, seier Tønnesen.
Samfunnsøkonom og demograf, Marianne Tønnesen, seier kvaliteten eller miljøet til ein stad handlar om geografi, temperatur og klima, men også om sosiale forhold. Og ikkje minst om ting ein er opptatt av.
Foto: Tom Arne Søyland / NRK– Har du ein hobby som fjellklatring eller dykking er det nokre stader i Noreg som er meir attraktiv enn andre.
Dette kombinert med at jobben blir mindre viktig, kan gjere at kva hobby vi har blir viktigare for kvar vi busett oss.
– Og at du får stader i Noreg som spesialiserer seg på at folk kjem dit for å dykke eller for å klatre i fjellet.
Dette kan Fredrik Johannesen kjenne seg igjen i. Han har både budd i Sogndal og i Lofoten, og opplevd at folk reiser langt for å gå på laussnø i Sogndal, eller har hytte for å surfe i Lofoten.
– Dersom det er viktig for deg å surfe, kan du med dagens teknologi ta med deg jobben å busette deg i Lofoten.
Men ifølgje Tønnesen finst det ingen tal bak dette og det er framleis berre spekulasjonar.