Hopp til innhold

Tromsø nektar å ta imot allirete atomubåtar no: – Amatørmessig, seier forsvarsministeren

Tromsø kommune vil ikkje ta imot allierte atomubåtar før beredskapen er på plass. Det reagerer forsvarsministeren på. Han seier kommunen pliktar å ta imot ubåtane.

Atomubåter ved Tromsø

Tromsø kommune vil ikkje ha desse i sine fjordar før dei er budd på potensielle ulukker. Her er USS Seawolf utanfor Kvaløya i august i fjor.

Foto: U.S. Navy

Ubåtane kan vere på veg inn i dei nordnorske fjordane i nær framtid.

– Rykta seier at dei første ubåtane kan kome allereie i mai, seier gruppeleiar i Tromsø kommunestyre for SV i kommunestyret, Pål Julius Skogholt

Men skulle det skje ei ulukke, med utslepp av radioaktivt avfall, har Tromsø kommune verken kompetanse eller utstyr for å handtere det.

Onsdag vedtok kommunestyret i Tromsø at dei ikkje vil ta i mot atomdrivne ubåtar frå Nato, før beredskapen for potensielle ulukker er på plass.

Dette manglar:

  • Kompetanse på kva ein skal gjere om det skulle skje eit atomuhell
  • Det er ikkje gjennomført pålagde øvingar på kva ein skal gjere om det skjer ei ulukke
  • Kommunen har ikkje tilstrekkeleg materiell for å kunne handtere ei potensiell ulukke.

Kommunestyret krev også at lovavdelinga ved Justisdepartementet skal vurdere om Tromsø kommune kan seie nei til slike anløp.

Tromsø er ein av byane i landet som har mottaksplikt av allierte båtar, men spørsmålet er om risikoen for alvorleg øydelegging ved uhell gjer at denne plikta ikkje lenger gjeld.

Ordførar Gunnar Wilhelmsen lyttar til appellant Kai Krogh i NAM

Ordførar Gunnar Wilhelmsen tok ein pause frå kommunestyremøte for å høyre på demonstrantane.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Vi vil aldri få ein god nok beredskap

Kommunen har hatt som mål om å ha på plass ein beredskapsplan innan 1. mai, men kommunedirektøren seier det ikkje er sjanse til å få til dette. Han meiner at januar 2022 er meir realistisk.

– Risikoen for ei ulukke er i utgangspunktet liten, men konsekvensen dersom det skulle skje noko er kjempestor. Med ei lita lekkasje kan få ein situasjon der ungar i Tromsø ikkje kan leike på leikeplassane, seier Pål Julius Skogholt i SV.

– Ved eit større uhell må vi kanskje evakuere store delar av folket i Tromsø.

Dei fremma saman med Ap, Sp og MDG forslaget om å sette planane om ubåthamn på pause fram til beredskapen er på plass.

– Eg har vanskar med å sjå for meg at Tromsø kommune kan ha ein beredskap for å handtere ei alvorleg ulukke med ein atomubåt, seier Skogholt.

Vedtaket blei gjort med 30 mot 13 stemmer. Høgre er også opptatt av sikkerheit, men meiner vi likevel burde ta imot ubåtar før beredskapen er på plass.

– Vi bør prøve å oppretthalde mottaksplikta, men skal vi ta dei imot før beredskapen er på plass må det vere på ein riktig måte, seier førstekandidat for Troms Høgre, Erlend Svardal Bøe.

Frank Bakke-Jensen i Porsanger.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Foto: HANNE BERNHARDSEN NORDVÅG / NRK

Det er Forsvaret som bestemmer om ubåtane får lov til å anløpe eller ikkje. Tromsø kommune sitt vedtak vil ikkje få konsekvensar for løyvet som Nato har til anløp.

– Dette verkar ganske amatørmessig, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Han vil ikkje seie noko om når atomubåtane kan kome, men seier at vedtaket frå Tromsø kommune ikkje vil få konsekvensar for planen om å etablere atomhamn på Tønsnes.

Bakke-Jensen opplyser at Tromsø kommune kan gå til Direktoratet for strålevern og atomberedskap om dei er usikre på noko.

– Det Tromsø kommune held på med no er litt merkeleg, all den tid vi har sagt at vi skal jobbe fram godt planverk, det skal øvast og vi skal informere innbyggarane godt, seier statsråden.

Demonstrerte mot ubåtane

– Vi er uroa, vi er rett og slett redde. Det er ikkje noko meir å seie om det. Tromsø kommune har eit ansvar for å verne oss, og ikkje minst dei som skal vekse opp i byen, seier Ingunn Elstad, leiar for Besteforeldenes Klimaaksjon Aktis.

Ho er ein av mange som møtte opp for å demonstrere mot at Tromsø kommune skal ta imot amerikanske atomdrivne ubåtar.

Dei fryktar for kva som vil skje med naturen og miljøet i Tromsø, i tillegg til kva trussel det kan vere for befolkninga på 70.000 personar.

Ingunn Elstad, leiar for Besteforeldenes Klimaaksjon Aktis

Ingunn Elstad er leiar for Besteforeldrenes Klimaksjon Arktis.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Det er langsiktige konsekvensar, faktisk over generasjonar. Det er eit valdsamt ansvar vi tek på oss om vi slepp dette laus, seier Kai Krogh, som sit i styret til Nei til Atomdrevne ubåtar på Tønsnes.

Fleire har kritisert Forsvaret sin risikoanalyse (ROS) for å vere mangelfull. Blant anna er ikkje UiT eller UNN nemnt med eit einaste ord. Det er heller ikkje Tromsø si einaste drikkevasskjelde, som ligg berre 10 km frå den planlagde ubåtbasen.

Demonstrantane meiner det er for lite informasjon om risikoen for ei ulukke, og kor alvorleg ei slik ulukka kan bli. Korleis kan ein då vege risiko og konsekvens mot kvarandre?

– Ei ulukke kan skje ved første mottak, som det kan skje ved mottak nummer 75. Vi kan ikkje gå inn i dette utan å vere forberedt, seier Krogh.

Førstkommande måndag inviterer Forsvarsdepartementet til informasjonsmøte om planane om atomdrivne ubåtar til Tromsø.

Demonstrasjon mot atomreaktordrevne ubåtar i Tromsø.

Rundt 50 demonstrantar møtte før seie nei til atomdrivne ubåtar frå allierte makter.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK