– Det er eit kor med over 30 personar. Fleire har utvikla symptom, og derfor ønsker vi å få testa mest mogleg.
Det seier Øyvind Benjaminsen som er fagleiar for Koronasenter i Tromsø kommune.
– Ein av dei smitta var på ei korøving noko tilbake i tid. Vi finn denne klyngesamansettinga interessant for mogleg smittestad. Det er interessant for oss når det er fleire i koret som har symptom, når vi allereie har eit positivt tilfelle.
Svara på testinga vil avgjere vegen vidare, fortel Benjaminsen. Det vil vere klart i løpet av tysdag kveld og onsdag morgon.
– Det er for tidleg å uttale seg om sporingsarbeidet, det er rein rutine foreløpig i samband med sporingsarbeidet.
Øyvind Benjaminsen er fagleiar for Koronasenter i Tromsø kommune.
Foto: Petter Strøm / NRKFleire har samfunnskritiske jobbar
– Vedkommande var på korøving for to veker sidan, fortel dirigenten av koret.
Koret fekk beskjed om smitta måndag kveld. Dirigenten er spent på resultata, men meiner det er usannsynleg at fleire i koret er smitta.
– Testinga er for å vere på den sikre sida. Det er godt å vere trygg, særleg når ein ikkje veit smittekjelda.
Fleire i koret har samfunnskritiske jobbar og fleire jobbar som politi, bussjåførar og på Universitetssykehuset Nord-Norge.
Dei fyste prøveresultata kjem ikkje før onsdag, informerer Tromsø kommune i ei pressemelding tysdag kveld.