Hopp til innhold

TIL brukar millionar for å gjere arenaen klar for europacup

Onsdag starta monteringa av nye og moderne flaumlys på TIL sin heimebane. Prislappen er på 17 millionar kroner.

Tromsø skal sjåast i europacupen

Tromsø skal sjåast i europacupen

1200 kilo gongar fire med flaumlys blei onsdag løfta 30 meter og sat på plass. Når arbeidet er ferdig, skal dei fire lysmastene på Romssa Arena vere utstyrt med nytt og moderne flaumlys.

Det er eit av tiltaka Tromsø idrettslag må gjere for å innfri krav frå UEFA. Om dei ikkje gjer det, får ikkje fotballaget ta imot europeiske motstandarar seinare i sommar.

Nye flomlys Romssa Arena

Dei nye flaumlysa kjem på plass.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Det blir eit anlegg som skal stå her i veldig mange år og gi lys til fotballspelarane. Flaumlysa kjem frå ein amerikansk leverandør som leverer til blant anna Premier leauge-stadion. Det er topp kvalitet.

Det seier dagleg leiar Øyvind Alapnes.

Les også Milliardærgave til Tromsø IL: – Vi håpte på 20 millioner, men da vi sjekket konto sto det 25

Stig Bjørklund og Øyvind Alapnes

Lysshow og disko til hausten

Prislappen for at Tromsø-laget skal få spele europacup er ikkje reint liten.

– Når vi er ferdige så blir den nok på 17 millionar kroner for flaumlys, seier Alapnes.

Flaumlysa er berre ein del av oppgraderingane.

– Vi reknar med at vi kjem til å ha brukt 50 millionar kroner når dette prosjektet er over.

Han seier at det nye lyset vil vere til nytte også for publikum. Det kan nemleg brukast til å lage show.

– Vi kan gjere det om til diskolys, om vi skulle ønske.

Les også Spydspiss Lehne Olsen tilbake i praktslag – Lillestrøm slo Tromsø 2-1

Tromsøs Runar Norheim under eliteseriekampen mellom Tromsø og Lillestrøm på Romssa Arena.

Han er sikker på at dei nye lysa vil gi alle på Romssa Arena ei oppgradert oppleving.

Det trur også leiar for supporterklubben Forza Tromsø, Morten Killingberg.

– Eg trur det blir bra. Dei gamle lysa var ganske gamle. Eg trur nye lys vil gi både publikum og spelarar ein betre oppleving, seier han.

Morten Killingberg

Leiar for supporterklubben Forza Tromsø, Morten Killingberg.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Killenberg har vore på Brann stadion som har dei same flaumlysa.

– Dei køyrde eit spektakulært lysshow ved innmarsjen som eg ikkje har opplevd tidlegare. Nokon likar dei. Nokon likar ikkje det. Men eg trur at det at TIL kan tilby det til enkelte kampar, vil gi noko ekstra.