Hopp til innhold

Troms og Finnmark startar førebuingane for å bli to fylke igjen

Leiar for fylkesrådet, Bjørn Inge Mo, har bedt fylkesdirektøren om å greie ut korleis kan dele opp Troms og Finnmark fylkeskommune, eitt år etter at fylka vart tvangssamanslått.

Tromsø med Tromsøbrua og Ishavskatedralen.
Foto: Bernt Olsen/NRK

Storfylket Troms og Finnmark har sidan fødselen for eitt år sidan, kravd ei oppdeling etter stortingsvalet 2021.

No har fylkesrådsleiar, Bjørn Inge Mo (Ap), bedt fylkesdirektøren om sett i gang prosessane, for å kunne gjere dette mest mogleg smertefritt.

– Eg har bedt fylkesdirektøren om eit notat som drøftar kva interne samanslåingsprosessar vi skal fryse inntil avgjerda om reversering er tatt i Stortinget, skriv Mo i ei pressemelding.

Bjørn Inge Mo

Bjørn Inge Mo, fylkesrådsleiar for Troms og Finnmark fylkeskommune.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Det vil ikkje seie at sjølve prosessen med å splitte fylka er i gang, men at politikarane vil legge alt til rette når Stortinget tar avgjerda.

– Vi har bedt om at det skulle settest i gang eit arbeid på nasjonalt nivå, men det har vi ikkje fått svar på, sjølv etter eit halvt år. Så no vel vi gjere vår eiga utgreiing for korleis vi kan gjere dette innanfor lova og det som handlar om demokratiet, seier fylkesrådsleiaren.

Storfylket blei slått saman mot deira vilje, og partia med fleirtal i fylkestinget, Ap, SV og Sp, gjekk alle til val på å reversere samanslåing så fort som mogleg.

– Det er klart det er krevjande, spesielt etter den samanslåingsprosessen vi har hatt. Derfor trur eg det er lurt at vi tenker i god tid i førevegen, så det blir mest mogleg smertefritt, seier Mo.

Allereie i fjor sommar søkte storfylket om skilsmisse.

– Står fram som direkte flaut

Leiar i Troms og Finnmark Høgre, Jo Inge Hesjevik, reagerer sterkt på prosessen Fylkesrådet har sett i gang.

– No skal ein gå inn for å legge til rette for at stortingsvedtak blir gjennomført, medan ein tidlegare gjekk inn for å sabotere. Det står fram som direkte flaut, seier høgre-toppen.

Han meiner partia er meir fokusert på å fremje sin eigen politikk, enn å jobbe for det som er best for innbyggarane i fylket.

– Dette er dei same partia som tidlegare ikkje har akseptert Stortinget sitt vedtak, som no forskotterer ein valsiger, og igjen forskotterer kva Stortinget vil kome med, seier Hesjevik.

Jo Inge Hesjevik

Jo Inge Hesjevik representerer Høgre på Fylkestinget i Troms og Finnmark.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Fylkestinget treng truleg fleirtal frå dei raud-grøne partia på Stortinget for å få gjennomført oppløysninga.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har i ein e-post følgjande kommentar til initiativet om lausriving:

– Innbyggjarar og næringsliv i Troms og Finnmark fortener at fylkeskommunen tar sin rolle som samfunnsutviklar på alvor og vier sin fulle merksemd til det. Troms og Finnmark kan få til enda meir saman enn dei kan kvar for seg, og fylkeskommunen bør etter mi meining nå fokusere på å utvikle tenestetilbodet til det beste for innbyggjarar og næringsliv.

Nikolai Astrup

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Foto: Mette Ballovara / NRK