Trine-Lise fotograferer liv som skulle ha levd

Når liv blir til død, snur glede til sorg. Foreldre som mistar babyen sin, har også behov for å skape minne. Trine-Lise Henriksen sin jobb er å ta vare på dei minna, ved hjelp av kameraet sitt.

Babyføtter, med en navnelapp på ankelen.

Den første fotograferinga av eit nytt barn kjem i mange formar. Foreningen Stille tilbyr fotografering av barn som har døydd i mors liv eller like etter fødsel.

Foto: Foreningen Stille

Desember 2019. I fem år har fotograf Trine-Lise Henriksen møtt nybakte foreldre i gledesrus og ammetåke. Dei kjem inn i studio med eit heilt nyfødd barn som skal fotograferast. Ho har lært seg å flytte på armar og bein utan at babyen vaknar. Stryk dei over naseveggen slik at dei sovnar igjen. På sjølvaste julaftan har ein av kundane hennar termin. Eit par veker før ringer telefonen. Mora i andre enden har nettopp fått den tyngste beskjeden: Babyen i magen lever ikkje meir.

Kan Trine-Lise likevel kome til sjukehuset og ta bilde?

– Alt skjedde i løpet av eit døgn frå eg fekk telefonen og til eg var der, så det var jo lite tid til å førebu seg, men eg var berre klar for at dette her blei tøft. Og det blei det. Men det viktigaste tipset eg fekk på førehand var at dette er berre ein baby.

Til vanleg møter ho foreldre som er heilt yre og glade i babybobla. Fotograferinga på sjukehuset før jul, skulle bli noko anna enn det ho var vant til. Men sjølv foreldra som hadde mista barnet dei hadde venta på i ni månadar, var stolte av det vesle vesenet:

– Dei hadde lyst til å ha det barnet så lenge dei får lov til det. Så for meg blei det sjølvsagt ein trist oppleving, men det blei også eit veldig fint møte med foreldra, for eg veit kva det har gjort for dei i ettertid.

Ei lita barnehånd holder rundt en finger.

Etter ein spesiell fotojobb i desember 2019, blei Foreningen Stille oppretta.

Foto: Foreningen Stille

Treng fleire fotografar

Den spesielle fotojobben sådde eit frø i fotografen, som saman med kollega Sunniva Engen bestemte seg for at dette var noko dei kunne jobbe med vidare. Saman starta dei Foreningen Stille, ei frivillig foreining som tilbyr fotografering av dødfødde babyar, babyar som dør like etter fødsel eller babyar som får palliativ behandling. Tilbodet er gratis for foreldre som står i livets vanskelegaste situasjon.

To jenter som ser rett i kamera. Begge har lyst hår og smiler.

Saman med kollega i Stavanger, Sunniva Engen, starta Trine-Lise Henriksen Foreningen Stille i 2020.

Foto: Trine-Lise Henriksen

– Eg føler ikkje at ein skal tene pengar på det. Det er så tøft som ein kan sjå for seg frå før av, og vi ønsker å bidra der vi kan.

– Det viktigaste for oss er at jobben blir gjort på foreldra sine premiss. Ønsker dei berre bilde av ein fot, så får dei det. Det absolutt viktigaste for oss er at dei som sitt igjen er dei som avgjer.

No ønskar foreininga at enda fleire skal få dette tilbodet.

– Vi manglar framleis fotograf ein del plassar. Det er ein tøff jobb ein begir seg ut på, og ein skal tenke godt over om det er noko ein kunne tenke seg å gjere.

To voksne står i ei kirke. Foran dem står ei lita kiste. Mannen holde rundt kvinnen, som holder på ei barnevogn. Bildet er tatt i en begravelse.

Korona-pandemien gjer at sjukehus-fotografering blir vanskeleg. Foreningen Stille tilbyr derfor også å fotografere i gravferder.

Foto: Foreningen Stille

Informere, men ikkje skremme

I fjor var det registrert 179 dødfødslar i Noreg, ifølgje Medisinsk fødselsregister. Talet har gått jamt nedover dei siste tiåra.

I 1984 starta foreininga «Vi som har et barn for lite» sitt arbeid. Generalsekretær Anne Giertsen roser jobben fotografane gjer.

Dame i lyseblå genser ser i kamera. Hun heter Anne Giertsen.

Anne Giertsen er generalsekretær i foreininga «Vi som har et barn for lite».

Foto: Privat

– Det er spesielt når ein får eit så lite barn som ikkje skal få vere med heim. Det er få som får sett det, og få som får minner om det. Derfor er det godt å ha noko å sjå tilbake på.

Foreldre som står i ein slik situasjon er gjerne i sjokk, og det kan vere mykje informasjon å ta innover seg. Giertsen understrekar at dette berre er opne tilbod, og ikkje noko foreldre må takke ja til om dei ikkje ønskar det.

– Men mange kan nok angre på at dei ikkje tok dei bilda, og det kan vere verre.

– Korleis kan eit tilbod som dette bli betre kjent?

– Det er vanskeleg å reklamere for, for det er ingen som eigentleg vil høyre om det. Ein kan ikkje tenke på det når ein er gravid. Vi skal ikkje vere redde for å snakke om sorg, men vi skal heller ikkje snakke skremme gravide.