Hopp til innhold

Vil skilje barna med høge gjerde for å redde samisk språk

Ein planlagd barnehage i Finnmark skaper debatt. Samiske, kvenske og norske barn skal fysisk hindrast i å møtast – ved hjelp av gjerde. Det skal vareta minoritetsspråka.

Mona Skanke

VIL IKKJE SKILLE: Mona Skanke reagerer på at barn med ulike bakgrunn skal haldast skilt frå kvarandre i ein ny barnehage.

Foto: Hanne Larsen / NRK

– Ein kan ikkje dele inn barn på denne måten. I ein barnehage bør alle barn kjenne kvarandre og alle foreldra helse på kvarandre. Fordi vi er ein del av ein større fellesskap.

Det seier Mona Skanke, styrar i Bærtua barnehage i Porsanger kommune i Finnmark.

Skanke er medlem i Porsanger Arbeidarparti, som har gått i bresjen for å byggje ein ny kommunal trespråkleg barnehage i bygda.

Målet med den nye barnehagen er å styrkje minoritetsspråka.

Men når teikningane no ligg føre, kan ikkje pedagogen stille seg heilhjarta bak planane.

Høge og tette gjerde

Skanke reagerer på at dei tre avdelingane nærast skal vere hermetisk lukka.

Innandørs skal ikkje barna kunne spasere mellom avdelingane. Ute skal dei tre leikeområda gjerdast inn, slik at barna blir haldne skilt.

Plantegning for ny barnehage i Porsanger kommune

Høye gjerde mellom leikeplassen til samiske, kvenske og norske barn skal hindre at alle snakkar norsk.

Illustrasjon: Haldde Arkitekter

I eit høyringsnotat til den planlagde barnehagen ber ei samisk foreldregruppe om at gjerda må vere «høge og tette».

Dei vil unngå at det samiske språket må vike dersom norske eller kvenske barn blir blanda inn i leiken til dei samiske barna.

– Eg skjønner frykta til foreldra, seier Kristine Bentzen, språkforskar ved UIT – Noregs arktiske universitet i Tromsø.

Språkforsker Kristine Bentzen.

Språkforsker ved Norges arktiske universitet, Kristine Bentzen.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Når barn leikar saman, finn dei fort ut kva språk som er mest eigna for at så mange som mogleg kan delta.

– Dermed blir det ofte til at majoritetsspråket norsk vinn, seier Bentzen.

Samtidig ser ho at det kan skape problem om ein skil barna i for stor grad.

– Å få sånn «vi» og «dykk», det er jo noko som kan stigmatisere språka på eit vis.

Fryktar for leiken

Den private barnehagen Bærtua er også trespråkleg. Men i motsetning til den nye har ho ikkje gjerde mellom uteområda.

Det er også låg terskel for å kunne leike med barna på tvers av den samiske, kvenske og norske avdelinga.

– Du kan ta vare på språket og opplevinga, og formidle det samiske, utan å skape synlege skilje. Vi har store utfordringar med å vareta leiken, og det er faktisk ikkje sånn at det nødvendigvis er fem fireåringar på den samiske eller kvenske avdelinga, seier Mona Skanke.

Ho fortel at barnehagen dei eit stort fellesrom.

– Og Gud skje lov for det. Her har dei samiske barna framsyningar i tråd med den samiske identiteten sin, som dei formidlar til dei andre barna. Det same har dei kvenske og norske barna. Her går vi rundt juletreet, og her syng vi songar alle i lag, seier ho.

Draumen til ordføraren

Sjølv om bestillinga på den delte barnehagen kom frå politikarane sjølv, ser det ut til at fleire har fått kalde føter no som det nærmar seg ei avgjerd.

Denne veka skal formannskapet i Porsanger ta stilling til om dei skal gå vidare med planane til den nye barnehagen, som er berekna å koste 60 millionar.

Barnehagen skal erstatte den samiskspråklege barnehagen Ájanas og Lakselv barnehage. Bygget er planlagt reist på tomta til den kommunale samiske barnehagen.

En smilende Jo Inge Hesjevik, gruppenestleder i Troms og Finnmark Høyre.

Ordførar i Porsanger Jo Inge Hesjevik (H).

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Jo Inge Hesjevik er fersk ordførar i Porsanger kommune. Han kjem ikkje til å gå inn for planen slik han ligg føre.

Kommunen har uansett ikkje råd til å byggje nytt, og den private trespråklege barnehagen fungerer bra, meiner han.

Samtidig meiner han staten burde finansiert minoritetsbarnehagane i samiske kommunar. I så fall burde dei byggje separate barnehagar. Det går ikkje an å dele inn barna i ein barnahege med gjerde, seier han.

Stig-Ronny Nilsen i Porsanger Frp deler ikkje draumen. Tvert imot fryktar Nilsen eit meir polarisert samfunn dersom ungane i bygda skal skiljast frå barnsbein av.

– Eg er heilt imot å dele opp folk i bås basert på etnisitet. Særleg at små barn skal få dette inn med morsmjølka, seier Nilsen.

Han seier at idealet i Noreg er integrering på tvers av folkegrupper og kulturar, men at dette er det stikk motsette.

– Er det dette vi vil i 2023, spør han.

Stig-Ronny Nilsen

Stig-Ronny Nilsen i Frp er sterkt imot å dele inn barna etter bakgrunnen deira.

Foto: Hanne Larsen / NRK

Varaordførar Mariell Haugli frå Arbeidarpartiet forstår behovet for at barna får bruke sine eigne språk i fred, men meiner samtidig at dei ikkje kan vere skilt heile tida.

Den kulturelle forståinga som ungane byggjer opp i barnehagen, trur eg er viktig at ein får på tvers av dei tre språka som er etablerte i kommunen.

Mariell Haugli

Mariell Haugli (Ap) vil at barn med ulik bakgrunn skal møtast òg.

Foto: Hanne Larsen / nrk

Opp til dei vaksne

Hilde Skanke er styreleiar i Porsanger Arbeidarparti og søster til Mona Skanke. Ho meiner det ikkje er grunn til å svartmåle saka.

– Eg klarer ikkje å sjå at det skal vere ein problematikk ein treng å ta inn over seg. Det er vi vaksne menneskes haldningar som kjem til å prege korleis dette skal bli, seier ho.

Porsanger kommune ber som mange andre finnmarkskommunar preg av den harde fornorskingspolitikken til norske styresmakter.

Mange i kommunen har mista det samiske eller kvenske språket sitt. No vil stadig fleire ta tilbake morsmålet.

Hilde Skanke, daglig leder Kvensk institutt

Hilde Skanke, styreleiar i Porsanger Arbeidarparti og dagleg leiar i Kvensk institutt.

Foto: Laila Lanes / NRK

– Særleg med tanke på det kvenske språket må det satsast frå barnehagen av for at det skal lykkast, meiner ordførar Hesjevik.

Barnehagestyrar Skanke er samd i at språket er viktig. Ho meiner likevel at ein ikkje må gløyme at for barn er det meir enn berre språket som betyr noko.

– Eg tenkjer at det er kjempeberikande at alle fireåringar er kjende med kvarandre frå eittårsalderen. At dei veit kven dei skal gå på skulen med, og aldri treng å få spørsmålsteikn ved identiteten sin. Nettopp fordi dei er trygge på relasjonane sine og vennene sine.

I en tidligere versjon av denne saken sto det i delingstittelen at barna ble inndelt etter etnisitet. Forslaget vi her omtaler går på å inndele barna etter språk. Dette er nå rettet opp fra NRK.