Hopp til innhold

Tiltala for fleire overgrep mot barn

Ein mann i 40-åra frå Troms er tiltala for fleire tilfelle av seksuell krenkande åtferd mot barn under 16 år.

tingretten

Mannen i førtiåra må i september møte i Nord-Troms tingrett, tiltala for fleire lovbrot.

Foto: Petter Strøm / NRK

Det mest alvorlege tilfellet er seksuell omgang med ei jente under 16 år, og for dette er han sikta for brot på straffelova sin paragraf 196, noko som har ei strafferamme med fengsel inntil 6 år.

Overgrepet skal ha skjedd i 2006.

Mannen er også tiltala for fleire brot på straffelova:

  • Han skal ha lokka barn under 16 år til å utvise seksuelt krenkande eller anna uanstendig åtferd, ved å ha fått ei ung jente til å vise seg naken/avkledd framfor webkamera.
  • Mannen skal ha også i tidsrommet 2008 til 2010 ha chatta på Internett med fleire mindreårige jenter, og gitt ut seg for å vere ein yngre mann og på den måten gjort fleire forsøk på å få jenter ned i 12-årsalderen til å vise seg naken framfor webkamera. I tiltalen viser statsadvokatane i Troms og Finnmark til tre konkrete eksempel på dette punktet som grunnlag for tiltala.
  • Han skal også ha vist seg naken og i seksualiserte posisjonar for fleire mindreårige jenter, i tillegg til å ha sendt fleire meldingar av seksuelt krenkande karakter. For dette er han tiltala for i ord eller handling å ha utvist seksuelt krenkande eller anna uanstendig åtferd mot barn under 16 år.
  • I perioden frå 2008 til 2013 skal han også ha lasta ned og distribuert til saman 10 filmar som viser overgrepsmateriale av mindreårige barn.