Hopp til innhold

Talet på fiskarar går opp for første gang på 14 år

For første gang sidan 2002 aukar talet på heiltidsfiskarar i fiskarmanntalet. Auka er på heile 174 nye heiltidsfiskarar, aller størst er auken i Finnmark.

Sjark
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Det er kjempepositivt at ein negativ trend over mange år endeleg er snudd, seier ein nøgd statssekretær Ronny Berg (Frp) i Fiskeridepartementet.

Blant deltidsfiskarar er det ein nedgang på 60 fiskarar, og manntalet ender på ein positiv netto med 114 nye fiskarar – ein positiv oppgang Norge ikkje har hatt sidan 1990.

Ved utgangen av 2016 var det registrert 11.244 fiskarar i manntalet som føres av Fiskeridirektoratet. Av desse hadde 9.433 fiske som hovudyrke og 1.811 fiskeri som biyrke. Finnmark er fylket der auken er klart størst med 42 nye fiskarar.

– Når ein er statssekretær og kjem frå Finnmark, så er det veldig gledeleg å sjå utviklinga der, at det blir fleire fiskarar og fleire båtar, seier Berg, som kjem frå Alta.

Dei ferske tala viser òg at det er fleire kvinnelege fiskarar, og at det er blitt fleire unge fiskarar under 30 år. 13 fleire kvinner, og 44 nye unge fiskarar er meldt inn i 2016.

– Det vil seie at ein no byrjar å få rekruttering til yrket, seier Berg.

Ronny Berg og Terje E. Martinussen

Statssekretær Ronny Berg (Frp) i fiskeridepartementet (t.v.), her saman med administrerande direktør Terje E. Martinussen i Noregs sjømatråd på kaia i Tromsø, der dei presenterte rekordtal for fiskeeksporten.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Trur krabbefisket hjelper på tala

– Mest sannsynleg så har krabbefisket noko med auken å gjere. Krabbefisket er så viktig når det kjem til rekruttering.

– Det er godt kjent blant fiskarar at det er eit enklare fiske å komme inn i, og at ein slik kan legge seg opp pengar ein kan investere i meir tradisjonell fiske.

I desember i fjor auka Fiskeridepartementet fartøykvotane i krabbefisket, etter store protestar frå næringa då departementet foreslo å senke dei dramatisk i den viktigaste sesongen.

Kongekrabbe

Kongekrabbefisket har blitt eit viktig fiske i Finnmark.

Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Dei gode eksporttala er nok òg ein del av forklaringa, trur Berg.

Både oppdrettsnæringa og fiskeria har opplevd tidenes høgste priser i 2016. ​I fjor selde Norge sjømat til utlandet for 91,6 milliardar kroner, viser tal frå Sjømatrådet.

– Når det er lønsamt å drive fiske, så vil det vere fleire som vil halde på i det yrket.

Nøgd fiskarlag

– Dette viser at vår næring er interessant å satse på. Vi opplever også i det daglege at stadig fleire vil vere fiskarar, seier leiar av Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, til NTB.

Kjell Ingebrigtsen

Leiar av Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Òg Ingebrigtsen trur lønsemda i bransjen har vore viktig.

– Lønsemda har gått opp. Fiskaryrket er ei spennande næring der vi haustar ressursar i æveperspektivet, seier han til NTB.

Han gleder seg spesielt over at delen unge fiskarar igjen er på veg opp. 19 prosent av fiskarane er nå under 30 år, og 22 prosent er eldre enn 60.