Hopp til innhold

– Det kan vere veldig bra å kle seg i fargar i ein tøff kvardag

Ikkje alle kreftpasientar ønsker å bruke parykk når håret blir borte. Derfor har Kreftavdelinga på UNN og Husfliden i Tromsø no starta eit varmande, kreativt og fargerikt samarbeid.

Kreftsjukepleiar Merete Karlsen ved Universitetssykehuset i Nord-Norge

SAMLAR PÅ LUER: Kreftsjukepleiar Merete Karlsen på Universitetssjukehuset i Nord-Norge ser at stadig fleire kreftpasientar ønsker å gå med lue. No ønsker ho seg fleire luer i kurven, spesielt til gutar og menn.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Håret er jo ein stor del av personlegdomen. Når det forsvinn, kan det vere tøft å gå barhoda ute.

Merete Karlsen jobbar som kreftsjukepleiar på Universitetssjukehuset i Nord-Norge i Tromsø. Hit kjem kreftpasientar for å få behandling, og mange av desse opplever å miste håret. Det kan vere hardt for mange – men ikkje alle ønskjer å bruke parykk.

– Mange synst parykk blir veldig varmt eller at det stikk og klør på huda på hovudet, seier Karlsen, som merker at stadig fleire vil bruke lue, spesielt når det blir kaldare.

Kreftpasientar kan søke om støtte til parykk eller hodeplagg, men at ein får støtte til berre ein av delane.

Skulle hatt meir til gutar og menn

Ei fin samling luer ligg i ein kurv på Kreftavdelinga. Ein del av desse kjem ifrå tiltaket «Kjærlighet og varme på vegen», ei landsomfattande gruppe av strikkarar som strikkar til pasientar som treng det.

Luer samla i ein kurv på kreftavdelinga

FARGERIKT: Mange fargar i kurven med luer. Men det kunne gjerne ha vore røffare strikk her.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Likevel ser kreftsjukepleiaren at det er noko som manglar i kurven.

– Vi skulle gjerne hatt luer til menn, og røffe luer til ungdommane som dei kan føle seg vel i. Det er ikkje så lett for ein gut å gå i ei hekla, rosa lue, seier Karlsen.

Delt over hundre gongar

Merete Karlsen funderte på korleis ho skulle få samla inn fleire luer til kurven. Ho kontakta derfor Husfliden i Tromsø.

– Det var veldig fint å få den oppfordringa, seier Marianne Dukureh Lakselv ved Husfliden.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Marianne Dukureh Lakselv på Husfliden i Tromsø

PYNTER SEG MED LUE: Marianne Dukureh Lakselv ved Husfliden i Tromsø håpar mange vil strikke luer i alle fargar og fasongar til pasientane på kreftavdelinga på UNN.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Ho la ut innlegg på facebooksida til butikken, der dei oppfordrar folk til å strikke til kreftpasientane på UNN. Oppfordringa er delt over hundre gongar, og folk frå heile landet har meldt strikkepinnane til teneste.

– Folk synst det er eit bra tiltak. Og luene kan vere veldig forskjellige. Ein kan lage ei litt "crazy" lue eller ei heilt enkel og fin, men den må vere mjuk og strikka i eit garn som ikkje klør, forklarar Dukureh Lakselv.

Kreftsjukepleiar Karlsen er glad for responsen:

– Det å kunne pynte seg med fine fargar kan vere veldig bra i ein tøff kvardag. Det er ikkje så mykje som skal til.

Plakat med "Strikk til kreftavdelinga" på Husfliden i Tromsø

OPPFORDRING: 'Strikk til kreftavdelinga!' er oppfordringa som heng inne på Husfliden i Tromsø.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark