Hopp til innhold

Storfjord-ordførar: – Alle har vore positive og sagt ja

– Vi er klare til å ta imot 40 flyktningar, seier fungerande ordførar i Storfjord, Inger Heiskel.

Flyktninger på vie til Finland

Flyktningar i svenske Haparanda på grensa til Finland.

Foto: Micke Nyberg / SVT

Leiinga i kommunen hadde i går eit beredskapsmøte for å finne planlegge korleis kommunen kan hjelpe dersom dei syriske flyktningane kryssar grensa til Norge ved Kilpisjärvi i Finland. Det var Framtid i Nord som først omtala saka.

Arvid Lilleng, fungerande varaordførar i grensekommunen Storfjord sa tidlegare denne veka til NRK at mange av flyktningane som kjem til dei nordlege delane av Sverige og Finland kan finne vegen til Norge.

– Det er klar at vi må planlegge og vere klare viss det kjem nokre den vegen, seier fungerande ordførar i Storfjord, Inger Heiskel, til NRK.

Inger Heiskel

Fungerande ordførar i Storfjord, Inger Heiskel.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

Kommunen skal no vere klar til å ta imot 40 flyktningar.

– Vi veit jo ikkje om det kjem nokon i det heile tatt, men vi ser for oss eit scenario der vi skal huse 40 flyktningar over tre døgn, seier Heiskel.

Kommunen skal få beskjed frå politiet og UDI i førevegen dersom det er flyktningar som kjem over grensa ved Kilpisjärvi.

– Alle har vore positive

Heiskel fortel at det har vore stor vilje i lokalsamfunnet til å stille seg til disposisjon dersom dei syriske flyktningane kjem til grensekommunen Storfjord.

Eigarane av Lyngskroa har sagt ja til å huse flyktningar, i tillegg til at kommunen er i dialog med Brennfjell eigedom for å kunne huse flyktningar i den gamle militærleiren.

– Vi har også vore i kontakt med to matbutikkar i Storfjord, som har sagt at dei vil opne kva tid som helst dersom det trengst, seier Heiskel.

Når det gjeld helsehjelp, er dette noko kommuneoverlegen og helsetenesta har eigne planar for. I tillegg har kommunen dialog med tolketenesta og Sivilforsvaret som har ein eigen beredskapsplan.

Korleis har det gått å få folk til å stille på så kort tid?

– Det har gått veldig greitt. Vi er ein liten og oversiktleg kommune, og alle har vore positive til å hjelpe, seier Heiskel.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark