Store kunnskapshol i oppdrett: Krev stans i nye konsesjonar

Vi veit lite om korleis oppdrett påverkar fisken og fiskeria. Forskarar vil bruke dei neste seks åra på å finne svaret. SV fryktar det då kan vere for seint, og krev stopp i alle nye løyver.

Eirik Bygdnes og Rune Nilsen

Forskarane Eirik Bygdnes og Rune Nilsen er på jakt etter svaret på noko ein har lurt på i over 20 år - korleis oppdrett påverkar fisken i havet og fiskarane som lever av den.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

På botnen av Olderfjorden har Rune Nilsen og Eirik Bygdnes plassert ut svarte sylinderforma øyrer. Desse skal gi Havforskningsinstituttet svar på eit spørsmål dei har lurt på i over 20 år.

I eit år har øyra tatt opp lyd av fisk som har vore innom i fjorden. Denne skal endeleg gi svar på korleis oppdretten påverkar torsken.

Fiskarane har snakka om det i 20 år allereie. Om fisk som forsvinn frå fjordane, og om fisk som har så dårleg kvalitet at dei ikkje får seld han. Dette er det første prosjektet som skal finne ut om det dei seier stemmer.

Eirik Bygdnes dreg opp svarte sylindarar frå Olderfjorden. Inne i desse ligg dyrebar lyd som kan fortelje om korleis fisken lever i fjorden.

Inne i den svarte bøya Eirik Bygdnes har i hendene, ligg informasjon som kan gi dei svaret på korleis oppdrett påverkar torsken.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Som forskar skulle eg ønske at vi hadde ressursar til å undersøke denne problemstillinga når ho kom opp for 20 år sidan, seier prosjektleiar, Pål Arne Bjørn.

Arbeidet med å lytte på fisken har berre akkurat starta. Om ikkje lenge vil det truleg bli etablert oppdrett i nabofjorden Frakkfjord, som dei forskar i. Då vil dei lytte etter endringar i minst seks-sju år til.

Først då kan dei vite om fiskarane har rett eller ikkje.

Pål Arne Bjørn

Pål Arne Bjørn i Havforskningsinstituttet, og leiar arbeidet med å finne ut korleis oppdrett påverkar kysttorsk og skrei.

Foto: Havforskningsinstituttet

Stemmer det som fiskarane har sagt meiner SV det kan bli katastrofalt for fiskerinæringa. Dei krev derfor full stopp i alle nye løyver til å drive oppdrett inntil vi får svaret.

For samtidig er det planlagt vekst i oppdretten, spesielt i nord, i åra framover.

– Næringa har vekst kraftigare i nord enn mange andre stader. Når næringa veks inn i storlaksen og stortorsken sitt rike, er det veldig viktig at vi som nasjon følger opp med forsking, så vi veit at vi gjer det på ein god måte, seier Bjørn.

SV krev stopp i alle nye konsesjonar

SV synest det er overraskande at ein ikkje har forska på korleis oppdrett påverkar andre marine næringar før.

– Fiskerinæringa har sagt i mange år at oppdrettsnæringa øydelegg for fiske. Kysttorsken er faretruande nær å bli raudlista. Det kan svekke heile det norske fiskeri, seier nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.

Nye trafikklys for oppdrettsnæringa 2020

Trafikklyssystemet viser kvar ein skal ha vekst og ikkje. Alle dei grøne områda er soner der ein ønsker vekst i oppdrettsnæringa.

Foto: Fiskeridepartementet

I Noreg gir vi nye løyver til oppdrett gjennom det som heiter trafikklyssystemet. Der har vi delt inn landet i raude, gule og grøne soner.

Kva farge ei sone har på kartet er først og fremst bestemt av ein ting, talet på lakselus.

– Det er ingenting som måler effekten oppdrett har på øvrig marint miljø, på havet, på fiskeria eller dyrevelferd. Vi speler hasard med havet når vi ikkje veit effektane av det vi gjer.

SV krev derfor at det ikkje skal givast nye konsesjonar til oppdrett så lenge kunnskapshola er så store.

Torgeir Knag Fylkesnes

Nestleiar i SV, Torgeir Knag Fylkesnes.

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Fiskeriministeren seier at ein stopp i nye konsesjonar ikkje er aktuelt. Han vil hente inn kunnskap samtidig som ein har vekst i næringa.

– Per i dag er dette spekulasjonar, sjølv om det er kvalifiserte spekulasjonar. Vi skal ikkje stoppe ei berekraftig utvikling i oppdrett av den grunn. Då få vi ta konsekvensane når vi får fakta på bordet, seier Odd Emil Ingebrigtsen.

Han understrekar at regjeringa er opptatt av berekraftig vekst, og at dei legg den forskinga dei har til grunn.

– Men å vente med å få tilgjengeleg all mogleg kunnskap, og å legge havbruksnæringa på is, er ikkje aktuelt.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen på Husøy i september 2020.

Fiskeri- og sjømatminister, Odd Emil Ingebrigtsen.

Foto: Malin Straumnsnes / NRK