Hopp til innhold

Stor skogbrannfare i Nord-Noreg: – Vi følger situasjonen tett

Det er aukande skogbrannfare i Nord-Noreg etter fleire veker med lite nedbør. Nå setjast det eit ekstra skogbrannhelikopter i beredskap i Tromsø.

Skogbrannhelikopter

I tillegg til skogbrannhelikopteret i Tromsø er det også eit helikopter i Torp i Sandefjord.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Det har lenge vore finvêr i heile Nord-Noreg som gjer at det blir så tørt. Med brannen i Alta i går ser vi at vi må auke beredskapen, seier direktør for Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Cecilie Daae.

Cecilie Daae.

Direktør for DBS, Cecilie Daae fortel at dei følg situasjonen nøye nå som det er så varmt og tørt.

Foto: Yann Aker / DSB

Difor sett DBS inn eit skogbrannhelikopter som vil bli plassert i Tromsø. I tillegg til helikopteret som allereie står i beredskap på Torp i Sandefjord.

– Vi følger situasjonen veldig tett og med det nye helikopteret kan vi raskt bidra uansett kor det måtte skje noko, seier Daae.

Åtvarar mot eingongsgrillar

Lite nedbør gjer så det blir veldig tørt og derfor åtvarer brann- og redningssjef i Tromsø, Øystein Solstad mot bruk av eingongsgrillar.

– Vi ynskjer ikkje at folk brukar dei fordi det kan byrja å brenne under grillen. Det kan forårsake ein skogbrann, seier han.

Han ber også om at folk tar sine forholdsreglar og følger dei råda som brannvesenet gir når det er tørt vêr.

Øystein Solstad, brann- og redningssjef i Tromsø kommune

Solstad tykkjer eingongsgrillar er ein uting og åtvarer mot bruken av dei når det er tørt.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Ein kan bli halda ansvarleg om ein ikkje følger reglane og forårsakar skogbrann, fortel, Ronny Schjelderup. Han er ansvarleg for beredskap i Troms fylke,

– For det kan hende at både helikopteret, sivilforsvaret og andre aktører må rykke ut, og det kostar pengar. Er det i tillegg i nærleiken av ein busetnad kan ein bli halde personleg ansvarleg, men det er politiet som vurderer det, seier han.

Har ikkje tenkt over reglane

Lise Mohrsen og Victoria Willumsen seier det freistar å grille i finvêret, men erkjenner at dei ikkje kan reglane då godt.

– Eg veit at ein ikkje skal tenne bål når det er på sitt varmaste på grunn av fare for skogbrann. Likevel trur eg at mange tennar eingongsgrillar, men kanskje da mest i fjæra, seier Willumsen.

– Eg trur også at folk brukar open eld innanfor dei datoeane det eigentleg er forbod, seier Mohrsen.

Lise Mohrsen og Victoria Willumsen

Lise Mohrsen t.v. og Victoria Willumsen erkjenner dei ikkje kan reglane om bålbruk så godt.

Foto: Nils Mehren / NRK

DSB anbefaler at ein alltid sjekkar kva reglar som gjeld for din kommune før ein tennar bål. På nettstadet Sikker Hverdag kan du lesa meir om kva du skal gjera ved ein skogbrann.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark