Fylkesvaraordfører i Finnmark, Kirsti Saxi er svært glad for regjeringas prioriteringer. - Formuleringane som ligg i regjeringserklæringa ser veldig gode ut. Det tyder på at arbeidet med å skaffe breiband til fylket ser lovande ut, seier Saxi.
Den raudgrøne regjeringa vil satse på breiband for alle i Norge. I regjeringserklæringa si skriv dei at alle i heile landet skal ha tilbod om breiband innan utgangen av 2007, utan urimelege geografiske prisforskjellar. Det er altså berre litt over 2 år til alle i Finnmark skal ha tilbod om breiband. Kirsti Saxi trur det kan la seg gjere.
Tor-Arne Pedersen i Varanger-kraft er òg glad for løfta frå regjeringa: - Dette er godt nytt for befolkninga i Finnmark. Vi har omsider fått ei regjering som vil bidra til å gjere breibåndsutbygging lønsomt.
Han ser positivt på at regjeringa vil gå inn med meir offentleg støtte til utbygging av breiband