Den 7. juni 1968 kunne norske grensesoldater høyre mange militære kjøretøy som kom nærere og nærere. Då snødrev og tåke seig bort på morgonen, fekk dei nærast sjokk; Framfor dei stod godt over 12.000 sovjetiske soldatar og ei mengd med stridsvogner og andre militære kjøretøy, langs ei tre mil linje, alle med våpna peikande rett på dei norske grensesoldatane.
Kom overraskende
Det dårlege været, mangel på radarutstyr og begrensningar i sambandsutstyr gjorde at omfanget av denne styrkedemonstrasjonen kom svært overraskande på norske styresmakter, står det i ein rapport som snart skal offentleggjerast av Institutt for Forsvarsstudier.
Mange detaljar om desse dagane har vore ukjent og haldt hemmelege av norske styresmakter. Men etter 30 år blei dei gjort tilgjengelege. Og nå er det laga ein rapport kor fleire detaljar er beskrivne.
Spente supermakter
Foto: Inge Harry Olsen, NRK
Dette var i ei tid då situasjonen var svært spent mellom NATO og Warszawapakt-alliansen. Sovjetiske styresmakter hadde uttrykt sterk irritasjon over NATO-øvingar i Troms, der blant anna tyske soldatar deltok. Og like etter hendinga på grensa mellom Sovjetunionen og Noreg kom den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia.
Norske militære har seinare analysert dette som ein styrkedemonstrasjon. Dersom dei ville invadera, ville dei gjort det med ein gong, og ikkje stansa ved grensa, ifølgje ein av forfattarane i rapporten.
Vekket forsvarsministeren
Men det kunne ingen vita desse spente dagane i juni 1968. På natta ringte oberstløytnant Odd Stub Aune, han spør etter forsvarsminister Otto Grieg Tidemand (H). I rapporten er det blant anna gjengitt ein telefonsamtale mellom dåverande sjef for Garnisonen i Sør-Varanger, Odd Stub Aune og dåverande forsvarsminister Otto Grieg Tiedemann. Aune kunne fortelja at russiske soldatar stod ved grensa, medan kva han skulle gjera dersom dei kryssa grensa.
Statsråden spurde tilbake om ikke oberstløytnanten kjenner innholdet i «Plakaten på veggen»? (som sier at Noreg skal skyte om vi blir angrepet).
– Men det betyr krig, sa Stub Aune.
– Ja vel, sa Grieg Tidemand.
120 norske grensesoldatar stod dermed klare til å skyta med blant anna rakettvåpen, desom grensa blei overskriden. I fleire dagar stod dei der, på kvar si side og sikta på kvarandre.