Hopp til innhold

Snøskredfaren er ikkje over, ber folk ta omsyn

Trass i betre vêr mot slutten av påskehelga er skredfaren langt frå over. Skredvarslinga ber spesielt turgåarar om å vise omsyn.

Bil

Ein bil vart nesten vart tatt av snøskredet ved Stallogargotunnelen i Kvalsund kommune fredag. Ingen kom til skade, men det var ikkje mange centimeterane om å gjere.

Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK

– Folk må framleis vere forsiktige. Det er framleis krevjande forhold i fjellet. Svake lag i snødekket gjer at ein vise omsyn i lang tid framover. Det gjeld særleg dei som er på tur, seier Ragnar Ekker, vakthavande ved skredvarslinga.

Dei som er på tur må hugse at dei kan løyse ut skred også andre stader enn dei er der og då, forklarer Ekker.

Ragnar Ekker

Ragnar Ekker ved skredvarslinga i NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat).

Foto: Stig Storheil / NVE

– Dette kallar vi fjernutløysing. Det er veldig viktig å vere obs på dette. Ein kan til dømes løyse ut skred over seg. Derfor ber vi alle om å unngå skredterreng.

To dødsfall

Det har gått ei heil rekkje skred denne påska, spesielt i Nord-Norge. Skreda har ført til to dødsulykker, éi i Lofoten og éi i Nordreisa.

Ei rekkje samfunn i Nord-Norge har vore isolerte grunna rasfaren. Til dømes var Hammerfest med sine over 8000 innbyggjarar isolert til og med laurdag, medan byen Honningsvåg og fleire andre mindre samfunn i Honningsvåg først fekk vegkontakt med omverda i går kveld.

Skred Oldervik

Skredet som gjekk i Oldervik i Tromsø.

Foto: Simon Haugen

Framleis kompliserte forhold

Framleis er det nokre samfunn som er isolerte, men betre vêr mot slutten av påska har gjort situasjonen lettare for mange.

Likevel: Skredvarselet for tysdag er på nivå 3, det vil seie betydeleg skredfare, over store delar av Nord-Norge.

– Akkurat no er det rolegare ver enn i påska. Skredfaren i både Troms og Finnmark er avtakande. Men forholda er framleis kompliserte. Folk må ikkje tru at skredfaren er over, åtvarar Ragnar Ekker.

Alpinbakke

Berre 100 meter frå Tromsø alpinpark i Kroken gjekk det eit skred i dag.

Foto: Pål Hansen

Meir stabilt på Svalbard

Det er det ustabile snødekket som gjer at skredfaren framleis er høg. På Svalbard er situasjonen derimot litt annleis.

– Svalbard har ein annan situasjon med eit anna snødekke og ein annan historikk. Der er det relativt stabile forhold akkurat no. Vi har nokre fokksnøproblem der, men situasjonen er på langt nær så spesiell som på fastlandet, seier Ragnar Ekker.

Kvalsund

Skredet ved Stallogargotunnelen i Kvalsund i Finnmark er eitt av mange skred som har ført til stengde vegar i Nord-Norge i påska.

Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK