Hopp til innhold

Snøfokk førte til helikopterstyrt

Null sikt for piloten.

Helikopterstyrt på Svalbard

Helikopteret styrta på grunn av snøfokk.

Foto: Sysselmannen på Svalbard

Snøfokk var årsaka til at eit helikopter styrta ved Kapp Heer på Svalbard i mars. Det opplyser Statens Havarikommisjon i ein førebels havarirapport. Dette er den første offisielle årsaksforklaringa etter ulukka.

Snø og vind

Det russiske helikopteret var på veg inn til landingsplassen på Heerodden ved Barentsburg og maskinen vart kasta rundt like ved hangaren. Tre personar omkom og to andre vart hardt skadd i helikopterstyrten.

Ingen teknisk svikt

Tre representantar frå den norske havarikommisjonen kom til ulukkesstaden dagen etter. Dei har konkludert med at piloten mista sikta ved landing på grunn av snøfokk. Det var også sterk vind då ulukka skjedde. Tekniske undersøkjingar av helikopteret tyder på at det ikkje var noko gale med maskina.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark