Smitten ute av kontroll i Harstad

Harstad kommune har smitte dei ikkje kan spore. Det skriv ordførar Kari-Anne Opsal i ei pressemelding. Fire personar har testa positivt, og kommunen kjenner ikkje opphavet til dei to siste tilfella. Kommunen melder at det er stort sannsyn for intern smitte.