Hopp til innhold

Sjå solformørkinga frå lufta

Slik såg det ut frå lufta da den totale solformørkinga inntrefte i formiddag.

Eit forskningsfly frå UNIS flyr over Svalbard medan den totale solformørkinga pågår.

Video: The Kjell Henriksen Observatory – The University Centre in Svalbard (UNIS)

Den totale solformørkinga i dag kunne sjåast andre stader enn på bakken – den kunne også opplevast frå lufta!

  • Sjå video øvst i saka!

Eit forskingsfly frå UNIS (University Centre in Svalbard) fløy over Svalbard i tidsrommet da det vakre og spektakulære himmelfenomenet kunne opplevast, i tidsrommet frå om lag 11.06 til 11.14. Flyet flyr i ein høgde på 2721 meter.

– Skuggen dukkar opp i horisonten og kjem nærmare, og ein ser ned i Adventsdalen. Etter kvart ser ein at skyggande frå fjella vert viska ut når skuggen kjem farande og det blir mørkt, seier forskar Pål Brekke.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark