Hopp til innhold

Gjekk ned i pris men fekk ikkje selt: – Det er marknad for førstegongskjøparar

Einar Furnes enda opp med å leige ut bustaden han skulle selje. No er det dei som kan kjøpe utan å selje som kjem best ut på bustadmarknaden.

Tromsø

Bustadprisane gjekk ned i november, og i Tromsø var det med heile 3,1 prosent. Det gjer det vanskeleg for folk å få selt bustaden sin.

Foto: Bernt Olsen / Bernt Olsen

I september blei bustaden til Einar Furnes lagt ut for sal. Han bur i Oslo og hadde ikkje lenger behov for bustaden i Tromsø.

Halvparten av ein einebustad skulle få nye eigarar etter å ha vore leigd ut i ein periode.

I november gav han opp og bustaden var tilbake på leigemarknaden. For etter tre månader hadde han ikkje fått napp, sjølv med drastiske tiltak.

Einar Furnes har slitt med å selge bolig i Tromsø. Nå leier han ut.

Einar Furnes fekk ikkje selt bustaden sin, sjølv med eit priskutt på ein halv million.

Foto: Privat

– Me tok til og med ein test, og la oss ein halv million under takst for å sjå om me fekk respons. Det var på ingen måte nokon respons i marknaden, seier Furnes.

På landsbasis gjekk prisane ned 2,2 prosent i november, og 0,9 prosent korrigert for sesongvariasjonar.

Tromsø var ein av byane med høgast fall på 3,1 prosent, og 1,3 sesongjustert.

Fleire leigar ut

Børge Martinussen, eigedomsmeklar i EIE eigedomsmekling i Tromsø, merkar at det går treigare i marknaden.

– Salsstatistikken seier at det tar rundt 40 dagar å selje, men det kan ta alt frå ei veke til eit år, seier han.

Han deler seljarane inn i to grupper – dei som må selje og dei som kan vente.

Fleire av dei som kan vente vel å gjere som Furnes.

Børge Martinussen, eiendomsmegler i EIE, på deres kontor i Tromsø.

Børge Martinussen, eigedomsmeklar i EIE eigedomsmekling i Tromsø.

Foto: Aurora Berg / NRK

– Det er fleire som har valt å pause oppdraget og leige ut bustaden i ein periode. Kanskje vente til neste vår i staden for å selje no, seier Martinussen.

For at det er vanskeleg å få selt merkar spesielt dei med dyrare bustader. For der må mange ofte selje sjølv før dei kan kjøpe.

– Det som sel raskast no er bustader kor kjøpegruppa ikkje treng å selje først. Det betyr bustader under 5 millionar, seier Martinussen.

Marknad for førstegongskjøparar – med god eigenkapital

Sjølv med lågare prisar er det ikkje mange som grip moglegheita til å kjøpe seg bustad.

– Me merkar at folk er skeptiske og avventande. Dei er jo veldig usikker på om prisane skal gå ned, og om dei har råd, seier Martinussen.

For sjølv om prisane blir lågare, blir renta høgare. Og det er renta som Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge, trur er bakgrunnen for den treige marknaden.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge

Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Den pressar ned prisane, men gjer også så færre har råd til å kjøpe seg bustad, seier han.

Høg rente gjer at færre har råd til å betene eit lån, og at bankane er villig til å låne ut mindre. Lauridsen reknar at ein får 20 prosent mindre i lån no enn ein kunne fått i starten av året.

– For dei som har eigenkapital og må låne mindre, vil det vere enklare å komme seg inn på bustadmarknaden no. Men det er jo ikkje den gruppa som treng hjelp til å komme seg inn, seier han.

Forventar opptur

Eigedomsmeklar Martinussen har lang erfaring i feltet, og har vore med på mange svingingar i marknaden i sin karriere.

Einar Furnes sin bolig i Tromsø

Einar Furnes får ikkje selt sin halvdel av denne einebustaden. No er den leigd ut.

Foto: Privat

– Det som har skjedd kvar gong, er at når marknaden bestemmer seg for å handle igjen, så går det veldig fort opp igjen, seier han.

Likevel fortel han at mange seljarar er frustrerte over at dei ikkje får selt bustaden.

Bustaden til Einar Furnes fekk nyleg nye leigetakarar, men han har ikkje mista trua på å få selt til slutt.

– Eg tenker at med tolmod så vil marknaden hente seg inn, og eg vil få selt til ein grei pris om eit år. Kanskje går det to, seier han.

Les også Boligprisene faller videre: Ned 2,2 prosent i november

Skilt for boligvisning

Flere nyheter fra Troms og Finnmark