Hopp til innhold

Russepresidenten i grensebyen Kirkenes: – Vi treng tryggleik og jobb

Dei økonomiske sanksjonane mot Russland, fører til at fleire hundre arbeidsplassar kan forsvinne i Sør-Varanger. No stiller dei unge spørsmål om dei har ei framtid i heimkommunen.

Russepresident i Sør-Varanger Julie Kildemo

Russepresident Julie Kildemo seier medelevane hennar ikkje er trygge på at det finst ei framtid for dei i Sør-Varanger.

– Vi treng ein kommune som er trygg å komme tilbake til. Der vi har høve til å få ein jobb, ein jobb vi kan gå til kvar dag, utan problem eller frykt for at han skal forsvinne dagen etterpå.

Det sa russepresident Julie Kildemo i 17. mai-talen sin til innbyggjarane i Sør-Varanger.

Bakteppet er dei økonomiske sanksjonane som følgje av Russlands krig i Ukraina, som har ramma grensekommunen Sør-Varanger hardt.

Mange av bedrifter i kommunen har retta verksemdene sine mot russiske kundar og russisk næringsliv. No har dette stoppa opp.

Siste utvikling er at hjørnesteinsbedrifta og skipsverftet Kimek, har sendt permisjonsvarsel til 80 av sine tilsette.

Les også: Skjerper sanksjonene: – Nå ser det bekmørkt ut

Greger Mannsverk, Kimek
Greger Mannsverk, Kimek

Russepresident Julie Kildemo seier situasjonen i kommunen skaper stor uvisse blant dei unge i Sør-Varanger. Kildemo fortel at mange av medelevane hennar har byrja å stille spørsmål om dei har ei framtid i heimkommunen etter enda utdanning.

Det er skummelt når folk stiller spørsmål om dei vil flytte heim og etablere seg her. Om dei då har ein jobb å gå til, om dei har eit lokalsamfunn å komme til, der det er moglegheiter og tryggleik nok til å busetje seg, seier Julie Kildemo.

– Ikkje redd for Russland

Kirkenes ligg berre nokre kilometer frå grensa til Russland. Men nærleiken til eit land som no krigar i Ukraina, bekymrar ikkje Julie Kildemo. I heile oppveksten har ho hatt mange gode opplevingar gjennom idrett og musikk saman med russiske barn og ungdom.

Kildemo seier at det som bekymrar henne og medelevane, er at kommunen har satsa så mykje på éi stor hjørnesteinsbedrift som i tillegg har gjort seg avhengig av russiske kundar.

Ho håpar no at næringsliv og politikarar i kommunen vil satse på eit større mangfald enn det som er tilfelle i dag.

Det må skapast nye arbeidsplassar som gjer at kommunen ikkje er så avhengig av éi bedrift og eit naboland, seier Kildemo.

Vi er nøydde å skape tryggleik, og det hastar

Guro Brandshaug, Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Sør-Varanger, seier at bodskapen frå dei unge gjer inntrykk.

Når vi høyrer at dei unge byrjar å få den utryggleiken som Julie Kildemo skildrar, så må vi ta det på alvor. No hastar det med å få på plass kortsiktige tiltak som tek vare på dei som står i fare for å miste jobben.

Guro Brandshaug seier at det som no skjer med Kimek, er noko ho har frykta sidan krigen i Ukraina starta.

Ordførerkandidat for Arbeiderpartiet i Sør-Varanger, Guro Brandshaug, mener vi hjelper Putins regime dersom vi kutter vennskapsbånd med vanlige russere.

Guro Brandshaug, Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Sør-Varanger, krev at regjeringa hjelper kommunen skape nye arbeidsplassar.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Brandshaug seier at dersom skipsverftet må leggje ned mykje av verksemda si, så får det store konsekvensar for mange bedrifter i kommunen.

Det er heilt klart at Sør-Varanger står i ein alvorleg situasjon. Med dei bedriftene som tek oppdrag for Kimek, så kan dette råke opp mot 300 arbeidsplassar i første omgang.

Guro Brandshaug meiner det no er avgjerande at befolkninga har tillit til kvarandre, og at dei klarer å stå saman. Samtidig forventar ho at regjeringa forstår kor alvorleg situasjonen er.

– Det vi treng no er tiltak som skaper aktivitet i Sør-Varanger. Vi må få nye industriarbeidsplassar så vi klarer å sikre dei arbeidsplassane vi har, og samtidig skaffe nye til dei som treng det, seier Guro Brandshaug.

Les også: Krever svalbardskatt og gratis barnehage for å redde Finnmark

Jonas Gahr Støre og ordfører i Sør-Varanger Lena Norum Bergeng
Jonas Gahr Støre og ordfører i Sør-Varanger Lena Norum Bergeng

Må stake ut ein ny kurs

Magnus Mæland, ordførarkandidaten til høge i Sør- Varanger, seier kommunen no må stake ut ein heilt ny kurs som gjer dei uavhengig av Russland.

Han meiner mange ikkje har sett kva retning naboen i aust har teke.

– Vi må ta innover oss av vi lever i 2023 og ikkje i 2008, då det var stor positivitet retta mot Russland.

No er grensa iskald. Vi må ta grep om eigen kommune og om eigne liv. Eg forventar at regjeringa tek tak, men vi må hugse at all utvikling skjer lokalt, seier Magnus Mæland.

Magnus Mæland

Magnus Mæland, Høgres ordførarkandidat i Sør-Varanger, meiner kommunen må gjere seg uavhengig av grensebyane på russiske side.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Vil ha ei framtid i heimkommunen

Sjølv om situasjonen er vanskeleg i Sør-Varanger har Guro Brandshaug og Magnus Mæland tru på at befolkninga skal klare å stå saman i denne vanskelege tida.

Julie Kildemo hennes russevenner fra Sør-Varanger er klar for en ny epoke i livet. Kildemo vil hjem etterhvert, dersom det finnes en jobb til henne.

Julie Kildemo og russevennene hennar frå Sør-Varanger, er klar for ein ny epoke i livet. Kildemo vil heim etter kvart, dersom det finst ein jobb til henne.

Foto: Julie Kildemo

For Julie Kildemo er det gode ord å høyre. Ho trivst godt i grensekommunen til Russland, og vil gjerne komme heim etter enda utdanning. Dersom befolkninga klarer å stå saman og skape ny aktivitet, trur ho dei unge kjem tilbake.

– Når eg spør medelevar kva som må til for at dei vil flytte heim, så er det ikkje McDonalds som er det avgjerande. Det handlar om tryggleik og moglegheiter.

Les også: Grep ikke inn da verft brøt sanksjonene

Utenriksminister Anniken Huitfeldt
Utenriksminister Anniken Huitfeldt