Hopp til innhold

Sør-Varanger: 80 tilsette står i fare for å miste jobben

Sanksjonar tvinga verft i Kirkenes til å leggje ned arbeidet. Det ramma ein russisk fiskebåt. Reiarlaget håpar Noreg vil tillate at han blir reparert ferdig.

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.

Trålaren «Saami» ligg på land framfor skroghallen til Kimek Kirkenes. Det har den gjort sidan 5. mai i år.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

I Kirkenes står ein russisk trålar på tørt land hos skipsverftet Kimek.

Kva som vil skje med båten framover, er likevel høgst usikkert. Verftet Kimek søkte denne veka om dispensasjon for å fullføre arbeidet på den russiske trålaren, men samtid truar no Kirkenes-bedrifta med å seie opp alle dei rundt 80 tilsette 31. mai.

Styret i bedrifta vil ta endeleg avgjerd 30. mai.

Innan då har dei gitt UD frist til å svare dei på to spørsmål:

  • Få lov til å ferdigstille to russiske båtar dei har inne til reparasjon. Ein av dei er «Saami» som er bringa på land.
  • Regjeringa innvilgar ei ordning med lønnskompensasjon, lik den som var under pandemien, for å kunne omstille bedrifta utan å måtte ty til oppseiing.

Direktør Greger Mannsverk i Kimek seier bedrifta ikkje har pengar nok til å lønne dei tilsette på sikt utan at dei har noko arbeid å gjere.

– Ryk det her så kan det gå 500–600 arbeidsplassar i nærområdet, seier Mannsverk, som meiner at grunnmuren i Sør-Varanger forsvinn om de må legge ned drifta.

Bedrifta livnærer seg på å reparere russiske fartøy, men det arbeidet har altså stoppa heilt opp.

Mannsverk seier også at det ikkje har vore noko dialog mellom dei og UD etter at departementet kom med det ein i Kirkenes har oppfatta som ei innstramming.

– Vi ventar på beskjed

Arbeidet på båten «Saami» vart stoppa for nesten to veker sidan då Utanriksdepartementet (UD) kom med ei påminning om korleis sanksjonsreglane mot Russland skal forståast.

Reiarlaget heiter det same som båten, og dei håpar no å få dispensasjon frå UD så båten kan bli reparert ferdig.

– Vi ventar på beskjed frå den norske regjeringa. Vi er i gang med å finne ut korleis dette kan løysast, seier Sergej Tsyganov som er direktør i Saami.

Direktør Sergej Tsyganov i fiskebåtrederiet Saami på besøk ved verftet Kimek i Kirkenes.

Sergej Tsyganov er direktør i fiskebåtreiarlaget Saami, som eig trålaren som står på land i Kirkenes. Han håpar at Kimek får halde fram med å halde ved like russiske fiskefartøy, utan å bryte reglane.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Reiarlaget har samarbeidd med Kimek i omtrent 30 år, og direktøren er svært fornøgd med arbeidet som blir utført på verftet.

– Denne gongen dreier det seg om ein nødreparasjon, fordi det var feil på roret og propellen, seier Tsyganov.

Han viser til internasjonale konvensjonar om tryggleik til sjøs, og at alle hamner er pliktige til å ta imot fartøy i havsnød.

Samtidig har verftet også ei plikt til å ferdigstille reparasjonane som er sett i gang.

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.

Kor lenge båten blir ståande her er usikkert.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Får ikkje fiska torskekvoten

Direktøren stoler på at norske styresmakter lèt Kimek fullføre arbeidet dei har gått i gang med.

No er det viktigast for dei å komme i gang med fisket i Barentshavet, for dei har framleis ein stor del av kvoten igjen.

– Det dreier seg om 6000 tonn torsk.

I tillegg kan «Saami» fiske vel 1000 tonn reker. Utan reparasjon kan det ende med store tap for reiarlaget.

– Det kan hende selskapet rett og slett ikkje overlever, seier direktøren.

Les også Russepresidenten i grensebyen Kirkenes: – Vi treng tryggleik og jobb

Russepresident i Sør-Varanger Julie Kildemo

Greger Mannsverk, direktør i Kimek i Kirkenes.
november 2022.

Greger Mannsverk i Kimek kan bli nøydd til å seie opp alle sine tilsette. Han meiner det no er opp til UD om minst 80 arbeidsplassar i Kirkenes blir borte.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Les også Grep ikke inn da verft brøt sanksjonene

Utenriksminister Anniken Huitfeldt

Høg dispensasjonsterskel

Det er UDs seksjon for eksportkontroll som skal behandle dispensasjonssøknaden.

Presseavdelinga i departementet skriv i eit e-post til NRK at dei ikkje kan behandle enkeltsaker i media og viser til pressemeldinga frå 12. mai. Der heiter det mellom anna at det kan givast unntak frå sanksjonsreglane:

«Dette kan vere akutte tilfelle der fagleg bistand er strengt nødvendig for å vareta skipet sin tekniske, operative eller miljømessige tryggleik.

Og

«Utanriksdepartementet understrekar samtidig at det er høg terskel for å innvilge unntak frå sanksjonsreglane.»

Verftet i Kirkenes hevdar å ha varsla til UD at dei braut sanksjonane som er innførte mot Russland. Først to månader seinare reagerte UD.

To russiske fiskebåter til reparasjon hos verftet Kimek i Kirkenes. 11. november 2022.

Kimek livnærer seg på å reparere russiske båtar. Her frå ein tidlegare anledning.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Oppdaterte retningslinjene i midten av mai

Utanriksdepartementet minte 12. mai om kva som er gjeldande regelverk for verftstenester ved hamneanløp.

Formålet med unntaket for fiskefartøy frå hamneforbodet i Båtsfjord, Tromsø og Kirkenes er omsynet til det berekraftige fiskerisamarbeidet mellom Noreg og Russland.

Det innebar at russiske fiskefartøy kan gjere følgjande i dei tre hamnene:

  • Byte mannskap
  • Bunkre (utan anna tenesteyting)
  • Losse (føresett at det ein skal losse ikkje er i strid med importforboda)
  • Proviantere
  • Gå gjennom kontroll
Skipsverft Kimek i Kirkenes sentrum

Kimek er hjørnesteinsbedrifta i Kirkenes, og godt synleg i bybildet.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark