Hopp til innhold

Riddu blir knutepunktfestival

Kulturministeren kom med gode nyheiter.

Trond Giske på Riddu

Festivalsjef Ragnhild Dalheim Eriksen, kulturminister Trond Giske og Kåfjord-ordførar Bjørn Inge Mo.

Foto: Inger Johanne Sæterbakk / NRK

Kulturminister Trond Giske kom med gode nyheiter til Riddu Riddu-festivalen i dag. Festivalen får knutepunktstatus, som den 12. festivalen i Noreg.

- Det er ei ære å gje knutepunktstatus til ein samisk festival i mangfaldsåret 2008, seier Trond Giske.

1,5 millionar kroner

Knutepunktstatusen medfører ei fast statsstøtte på 1,5 millionar kroner frå 2009.

- Det gjer det lettare for festivalen å planleggje økonomien sin, seier Giske.

Kulturministeren gav æra for at Riddu har fått knutepunktstatus til to av sine Arbeidarparti-kollegaer. Bjørn Inge Mo er ordførar i Kåfjord og sitt i sentralstyret i partiet.

Ordføraren har masa

- Eg har møtt Bjørn Inge Mo annakvar måndag dei to siste åra, og det har ikkje vore eitt møte utan at han har sagt til meg at Riddu Riddu måtte bli knutepunktfestival, sa Giske.

- Eg har hengt rundt halsen hans, stadfesta ein glad ordførar.

Også Tove Karoline Knutsen, stortingsrepresentant frå Troms, vart trekt fram av kulturministeren som ein viktig pådrivar for knutepunktstatus.

Idealisme og trollskap

- Dette er ein fantastisk dag, sa festivalsjef Ragnhild Dalheim Eriksen.

Det er hennes første år som sjef for Riddu Riddu, men ho meiner knutepunktstatusen er ein heider til alle som har lagt ned frivillig arbeid i festivalen gjennom dei 17 år han har blitt arrangert.

- Denne festivalen er bygd på idealisme og trollskap - og no får vi noko igjen for det, sa ein glad festivalsjef.

- Dette er den nordlegaste knutepunktfestivalen i Noreg. Og definitvt den knutepunktfestivalen som ligg i den minste kommunen, sa Giske, då han kom til Riddu Riddu i dag.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark