Tromsø sett ikkje inn strengare tiltak – trur dei har mutert virus

23 personar har fått påvist smitte i Tromsø før helga. Kommunen seier det truleg er snakk om mutert virus, men vil likevel ikkje sette inn strengare tiltak.

Gunnar Wilhelmsen

Ordførar Gunnar Wilhelmsn ser ingen grunn til å sette inn strengare tiltak slik smittesituasjonen er no.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Ingen nye personar har fått påvist smitte i dag, seier ordførar Gunnar Wilhelmsen.

Det trass i at over 600 personar testa seg fredag. Fleire resultat vil kome i løpet av kvelden og søndag.

23 personar har fått påvist smitte i Tromsø i løpet av torsdag og fredag. Av desse kjem 20 personar frå same smitteklynge.

– Per no er det ingen lause trådar. Vi har god kontroll over alle som er smitta, seier Wilhelmsen.

Tromsø kommune har hatt møte denne morgonen for å diskutere strengare tiltak.

– Vi ser ikkje at dette er hensiktsmessig å sette inn strengare tiltak slik situasjonen er no, seier ordføraren.

Årsaka er at kommunen har god oversikt over utbrotet.

Gunnar Wilhelmsen, ordfører i Tromsø
Foto: Terje Pedersen

Utbrotet starta i Oslo

Utbrotet kan sporast tilbake til ein person som har vore i Oslo. Vidare har smitten spreidd seg på fest førre helg.

– Vi behandlar derfor smittesituasjonen som om det skulle vere mutert virus, sa kommuneoverlege Inger Hilde Trandem på pressekonferansen i går.

Kommunen har foreløpig kontroll over smittevegen, men trur det er snakk om mutert virus sidan smitten har spreidd seg så fort.

Ifølgje Trandem vil dei først vil sette inn strengare tiltak om situasjonen kjem ut av kontroll.

Tromsø kommune hadde laurdag formiddag pressekonferanse om smitteutbrotet.

Oppfordrar folk til å unngå sentrum

Kommunen oppfordrar dei som skal teste seg for å møte opp på testsenteret på Kroken heller enn i sentrum.

Fleire hundre personar stod i kø for å få testa seg i går.

– Men vi vil at det skal vere lav terskel for å teste seg, seier fagleiar på koronasenteret Øivind Benjaminsen.

Han seier at dei ventar at fleire vil få påvist smitte i løpet av dei neste dagane, slik dei har kartlagt situasjonen no.

Smitten har spreidd seg fort i Tromsø dei første dagane av utbrotet. Fleire kommunar i Troms rår folk ifrå å reise til Tromsø etter smitteutbrotet, melder Framtid i Nord.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 13.04.2021
4 018
Smittede siste 7 dager
269
Innlagte
688
Døde
835 970
Vaksinerte