Hopp til innhold

Overvåking viste: Dyr endra åtferd etter snøskuterkøyring

Stor snøskutertrafikk på Svalbard går utover dyrelivet i isriket, viser ein ny studie frå Norsk Polarinstitutt.

Polarrev på Svalbard

Bilda viser at fjellreven endra åtferd og døgnaktivitet i område med stor snøskutertrafikk.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Studien viser at fjellreven endrar både åtferd og døgnaktivitet i område kor det er stor snøskutertrafikk. Studien finn ingen samanheng mellom auka skutertrafikk og fjellreven sin reproduksjon og overlevingsevne.

Feltarbeidet har vore gjort på Nordenskiöld Land, i to ulike område: I det eine er det mykje skutertrafikk, medan det er lite skutertrafikk i det andre området.

Fjellreven vart sulten om natta

På begge dei to områda vart det sett ut ti fotoboksar på reinsdyråter som fotograferte kvart femte minutt gjennom heile døgnet, og forskarane samanlikna seinare døgnaktiviteten mellom dei to områda.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Polarrev på Svalbard

Eit møte mellom to fjellrevar.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Studien viste at døgnaktiviteten til fjellreven vart endra av skutertrafikken.

– Fjellreven i området med stor snøskutertrafikk åt i større grad av reinsdyråta om natta når det også var mindre skutertrafikk, enn kva fjellreven gjorde i området med lite skutertrafikk, seier forskar Eva Fuglei frå Norsk Polarinstitutt.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Polarrev på Svalbard

Førebels er det ingen dokumentasjon på at skutertrafikken går utover bestanden.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Overvakinga har ikkje dokumentert ei nedgang i bestanden, og det ser dermed ut til at dagens nivå av snøskutertrafikk ikkje har fått konsekvensar for bestanden.

  • Sjå bildeserie frå Svalbard:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark