Hopp til innhold

Forstår du ikkje breva du får frå offentlege organ? Då kan du klage

Har du nokon gong fått eit brev der nokon av orda er uforståelege? I omtrent eit år har det eksistert ei ny språklov, som mange kanskje ikkje visste så mykje om.

Seksjonssjef Margrethe Kvarenes i Språkrådet

Margrethe Kvarenes i Språkrådet trekkjer fram at det er fleire årsaker til at folk tyr til vanskelege ord og tungt språk.

Foto: Moment Studio

I nokre tilfelle blir tekstar så byråkratiske eller kompliserte at ein må lese han eit par gonger. Kanskje og meir.

Det kan bli problematisk om ein ikkje forstår brev ein har fått eller ein politikar som ikkje veit kva saka omhandlar. Vanskeleg og utydeleg språk truar faktisk demokratiet.

Eit eksempel ein kan trekkje fram er desse orda, henta frå eit styredokument i Finnmarkssykehuset og forklaringa deira på orda:

  • Føretaksovergripande: Gjeld alle sjukehus og klinikkar i Finnmarkssykehuset helseføretak.

  • Jobbgliding: Overføring av oppgåver frå ei yrkesgruppe til ein annan. Eit anna ord er oppgåvedeling. I vårt tilfelle handlar det til dømes om at helsefagarbeidarar tek over ein del av oppgåvene til sjukepleiarar, medan sjukepleiarar tek over oppgåver til spesialsjukepleiarar, der det ikkje trengst spesialkompetanse og er forsvarleg. Ein spesialsjukepleiar er til dømes ein intensivsjukepleiar eller jordmor.

  • Omstillingsutfordring: Ikkje eit godt ord, men det handlar om eit overforbruk/underskot som må takast inn gjennom tiltak.

  • Inngangsfart: I dette tilfellet omhandlar det forbruket og effekten av tiltak som vi tek med oss inn i neste år.

Presist nok

Ved årsskiftet 2021/2022 kom det ei ny språklov med ei paragraf som pålegg det offentlege å skrive klart og tilpassa mottakaren.

Lova slår fast at idealet for offentleg språkbruk skal vere klarspråk. Det skriv Universitetet i Bergen i ei pressemelding.

Margrethe Kvarenes i Språkrådet fortel at folk ofte har lært å skrive på ein viss stil gjennom utdanninga si eller brukast på den jobben ein får.

Kommunalt språk

Dette er eit døme på korleis byråkratisk språk kan sjå ut.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

– Vi er ute etter å tilpasse oss og då har vi antennene ute for å finne ut korleis ting blir gjort på den arbeidsplassen.

Ho trekkjer fram fleire årsaker til at folk tyr til vanskelege ord og tungt språk.

– Dette med uklart byråkratisk språk kan også komme av at ein er redd for å ikkje skrive presist eller verke fagleg nok. Ein trur at når ein skriv enklare så ser faget eins ikkje så seriøst eller solid ut, fortel Kvarenes.

Les også Nå må du ta hensyn til disse nye reglene

Tax free ved Oslo lufthavn Gardermoen

Forstått av alle

– Vi er heilt samde om at klarspråk er viktig og at vi har ei pålagd oppgåve å sørgje for at det vi seier og skriv er tilgjengeleg og blir forstått av alle, seier Eirik Palm, kommunikasjonssjef i Finnmarkssykehuset.

Eirik Palm

Eirik Palm, kommunikasjonssjef i Finnmarkssykehuset, fortel at dei jobbar fortløpande med klarspråk.

Foto: Andre Bendixen / NRK

Kommunikasjonsavdelinga har ikkje sjølv vore involvert i styredokumentet, men dei forklarar at det blir produsert mykje skriftleg med gitte tidsfristar, og meiner forklaringa ligg der.

– Vi jobbar fortløpande med klarspråk, og dette er til dømes eit hovudtema når vi tidleg neste år går over til nye, digitale pasientbrev, avsluttar Palm.

– For dårleg

NRK gjekk ut på gata i Hammerfest for å sjekke om nokon hadde opplevd tungt språk sjølv og om dei kjende til paragrafen.

– Eg har vore innom NAV og då måtte eg dra dit for å få ei forklaring på orda. Eg synast det er for dårleg. Dei burde kunne skrive språket vårt, slik at vi skjønar, seier Torbjørn Olsen.

Torbjørn Olsen Hammerfest

– Det er mange framandord dei sjølv forstår og trur er lett for vanlege menneske, som ikkje er det, seier Torbjørn Olsen.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Kva tenkjer du om at du kan sende brevet inn att for å få det i klartekst?

– Det er framgang, avsluttar Olsen.

Silje Solvang synast det er dumt at det språket ikkje er enklare og at kanskje mannen i gata slit med å tolke det.

– Ein kan fjerne mange vanskelege ord og uttrykk i det daglege som ikkje brukast, seier Silje Solvang.

Silje Solvang Hammerfest

Silje Solvang var ikkje klar over den nye paragrafen, men synast det er kult at ein kan klage og få klartekst.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Fred Nibe har eigentleg aldri hatt noko problem med å forstå språket som skrivast i brev eller dokument.

– Det har skjedd at eg har fått brev med vanskeleg tekst, men eg synast ikkje det er eit problem. Veit ikkje kvifor, kan hende eg får for lite brev.

Nibe synast det er veldig bra at lova eksisterer

Fred Nibe Hammerfest

Fred Nibe er hobbypolitikar og han trur kanskje det er grunnen til at han forstår meir.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Nibe legg til:

– Eg kan forstå at nokon har problem med det. Neste gong eg får eit brev eg ikkje skjønar, så skal eg gjere det, seier Nibe.

Viktig påminning

– Det tek tid å kna ein tekst slik at han blir tydeleg og skarp, seier Kvarenes.

Ho trur det at dersom dei som skriv teksten har dårleg tid blir det fleire ord enn nødvendig og at orda som blir brukte er vage.

– Eg trur dette er ei viktig påminning til det offentlege, men det er allereie mange sektorar som har krav om at dei må kommunisere slik at folk forstår.

Kvarenes trekkjer fram at helsesektoren har regelverk som pålegg dei å sørgje for at pasientar og pårørande tek informerte val.

Les også Forenkler Nav-språket: Svartelister «maksdato» og «jamfør»

Bilde 4

Ho trur at stat og kommune ser eigennytten i å skrive forståeleg. Likevel er det håp om at folk skal forstå det som blir skrive.

– Kan ein sende tilbake brev til offentlege organ og be om at det blir skrive tydelegare?

– Ja, det kan ein gjere. Ein må klage til det organet som har skrive brevet til deg og vise til språklova om at dei har plikt til å formulere seg på ein måte du forstår. Det er altså du som avgjer om dette er tydeleg, eller ikkje.

Les også Melkekartonger får samisk tekst: – Bra at også andre kan få lære litt samisk

Fra neste år kommer det samisk språk på melkekartongen til Tine, det gjør Ilja Birgitte Johnsdatter (13) glad.

Aha-opplevingar

Kvarenes har nokre tips til korleis ein kan unngå tungt og byråkratisk språk som «ingen» forstår.

– Eg trur det viktigaste for å venje av seg ein slik fagleg, tung stil er å spørje dei som faktisk skal lese det du skriv og om dei skjønner, og kan bruke det som står der.

Ho fortel vidare:

– Då får ein ofte mange aha-opplevingar. Sjølv om ein har prøvd å setje seg inn i staden til mottakaren, så er det eigentleg veldig vanskeleg for dei aller fleste.

Kvarenes meiner også at den som skal bruke eller lese teksten bør avgjere om ein tekst er klar og forståeleg.

– Nokre folkevalde og styremedlemmer har sagt at dei nokre gonger har vanskeleg for å setje seg inn i kva dei skal ta stilling til.

Les også Per (76) forstår seg ikke på NAVs nettsider

Per Nilsen Varsi (76)

Flere nyheter fra Troms og Finnmark