Hopp til innhold

Vindkraft-avgjerd måndag: Milliardar av kroner står på spel

Måndag føremiddag kjem NVE med ei oversikt over dei mest aktuelle kraftprosjekta i Finnmark. Nesten alle skaper stor splid.

Området hvor Davvi vindkraftverk er planlagt i Finnmark.

170 vindturbinar kan bli bygd på fjellplatået Vuonjalrášša i Lebesby kommune, men planane er svært omstridde. Davvi vindkraftverk er blant 26 prosjekt som NVE har inne til vurdering.

Foto: William Jobling / NRK

Kontrastane er store når det måndag klokka 10.00 skal avslørast kva for kraftprosjekt i Finnmark som skal ut på høyring.

På den eine sida står vindkraft-selskap klar til å bruke fleire titals milliardar av kroner på utbyggingar. På den andre sida står urfolk, reindrifta, naturvernarar og motstandarar av vindkraft.

kart over de innsendte prosjektene

NVE skal avgjera korleis av dei 26 prosjekta som skal sendast ut på høyring.

Grafikk: NVE

26 ulike prosjekt har sendt inn søknad til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men berre eit fåtal av desse er mogleg å bygge på grunn av avgrensa kapasitet i kraftnettet.

Dermed vil truleg mange av prosjekta bli vraka måndag.

Enkelte prosjekt har allereie fått nei til å bygge av kommunane.

Les også Regjeringen åpner for elektrifisering av Melkøya

Melkøya

Vil ha vindkraft

Bakgrunnen til det heile er regjeringa sitt mål om å elektrifisere gassanlegget på Melkøya i Hammerfest. For å få til det, meiner dei det må byggjast ut vindkraftanlegg.

Planane blir skildra som urealistiske av kraftekspert, fordi det ikkje bles nok.

Frykta er difor at straumprisen i Nord-Noreg vil gå til himmels om planane blir realisert.

Både elektrifiseringa av Melkøya i seg sjølv og planane om vindkraftanlegg skaper stor splid i Finnmark.

– Eg er veldig spent på måndagen, seier ordførar i Lebesby kommune, Kristin Johnsen (Ap).

I motsetnad til mange av kommunane i Finnmark ønsker Lebesby å bygge vindkraft.

Kristin Johnsen, ordfører i Lebesby.

Kristin Johnsen er ordførar i Lebesby, og er positiv til vindkraftutbygging i kommunen.

Foto: Privat

Ni av søknadene som NVE behandlar, handlar om kraftutbygging i Lebesby. Et fleirtal i kommunestyret støtter alle søknadene.

– Det er ikkje snakk om at vi skal ha ni nye vindkraftverk. Det er totalt uaktuelt. Er vi heldige, så får vi eitt. Er vi enda heldigare, så får vi kanskje to, seier Johnsen.

Eit av dei innsende søknadane frå Lebesby er Davvi vindkraftverk, som har skapt mange reaksjonar frå fleire.

På eit tidspunkt forsøkte selskapet bak prosjektet å lokke innbyggjarane med eit lukrativt tilbod: gratis straum i 30 år.

Les også Varsler søksmål mot staten: – Hvordan skal vi overleve?

Nils Mathis Sara, nestleder i reinbeitedistrikt 22. 080823.

Vraka av kommunane

Dei prosjekta NVE har behandla er i hovudsak vindkraftverk og eit vasskraftverk.

– Vi har gått igjennom alle prosjekta og kvalitetssikra dei. Vi har prioritert prosjekt opp mot kriteria vi hadde sendt ut på førehand, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef for nettkonsesjonar i NVE.

Myrtveit kan bekrefte at dei prosjekta som kommunestyra har sagt nei til, ikkje vil gå vidare til høyringsrunden.

Eit av dei prosjekta som dermed ikkje blir med vidare er vindkraftutbygginga på Stjernøya, etter at politikarane i Alta vedtok å gi avslag.

Vi har hatt dialog med dei enkelte kommunane der dei ulike prosjekta har vore. Vi har også hatt kontakt med fylkeskommunen, statsforvaltaren og Sametinget, seier Myrtveit.

Les også Sier nei til veldig billig strøm i 30 år

Sara Marja Utsi (28) og Vebjørn Krogh Pedersen (26).

Håpar Davvi ikkje blir med vidare

Ragnhild Rajala Lautz er leiar av Folkeaksjonen mot Davvi vindkraftverk. Ho har store forhåpingar til NVEs avgjerd om nettopp Davvi.

– Vi forventar at det blir lagt bort, seier Rajala Lautz.

Ragnhild Rajala Lautz

Ragnhild Rajala Lautz, leiar av Folkeaksjonen mot Davvi vindkraftverk.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

Også nabokommunane Tana og Karasjok er motstandarar av planane, fordi vindkraftanlegget vil ligge tett opptil deira kommunegrense. Heller ikkje grunneigar Finnmarkseiendommen er positiv.

Om NVE vel å ta Davvi med vidare, vil folkeaksjonen også stå på vidare.

– Vi jobbar vidare med full styrke og nytt pågangsmot. Kanskje større styrke enn før. Det er fleire som har tatt kontakt og sagt at dei vil bidra veldig aktivt, om planane får halde fram, seier Rajala Lautz.

– Kva vil de gjere om Davvi ikkje blir tatt med vidare?

Då vil vi feire. Rett og slett. Om dei legg det bort, så feirer vi. Så tar vi ein god ferie.

Les også Mener det er helt urealistisk å bytte gasskraft med vind: – Det blåser ikke hele tiden

Hammerfest LNG

Les også Sier nei til stort vindkraftverk: Kan velte Norges klimamål

Davvi vindkraftverk er planlagt i Finnmark.

Les også Spår elektrifisering av Melkøya vil doble strømprisene i nord

Melkøya