Hopp til innhold

Skal du ut i helga! Her er nokre svar på kva som er lov og ikkje

Mange unge kjenner ikkje til konsekvensane av å bruke falsk legitimasjon på byen. Her kan du lese svara frå Tiktok-vektar Hanne Stamnes.

Vekter Hanne Stamnes i Tromsø.

Vektar Hanne Stamnes jobbar i Tromsø og svarar på spørsmåla dine.

Foto: Hanne Wilhelms / Hanne Wilhelms

Torsdag fortalde NRK om konsekvensane av å bruke falsk ID på byen.

Heile 1216 ID-kort blei dratt inn frå 1. januar til 11. mai i år – og det frå berre eit av vektarselskapa, PSS Securitas.

– Mange blir overraska over konsekvensane av å bruke falsk legitimasjon. Dei blir ofte litt engstelege og redde, seier vektar Hanne Stamnes.

Ho bruker sosiale medium for å snakke om kva som er lov og ikkje på byen.

Les kva folk spør om lover og reglar på byen. Vektar Hanne Stamnes har svara på spørsmål.