«Det er langt dette landet. Det meste er nord», skreiv Rolf Jacobsen i sitt kjente dikt «Nord».
NRK Finnmark er no på jakt etter menneske som ønskjer å jobbe som vikar heilt nord i landet gjennom den svale sumaren, med ei sol som aldri går ned og moltebær så langt auga kan sjå.
Her kan du søke på sommerjobb hos NRK Finnmark.
Finsk, samisk, russisk, norsk
Redaktør Morten Ruud lover utfordringar, varierte arbeidsoppgåver og utstrakt reising i kanskje det vakraste fylket i landet.
– Eg vil gå så langt og seie at Finnmark er den mest spanande standen du kan jobbe som journalist i Noreg. Ikkje berre er Finnmark ein stad der samisk og finsk kulturarv er viktig, men Finnmark er også nabo til Russland og Finland. I tillegg har me ein kyst som er busett av folk frå Island i vest til Baltikum og Russland i aust, seier Ruud.
– Mediebransjen er i krise, og journalistar vert sagt opp. Også NRK skal kutte stillingar framover. Kvifor skal folk verte journalist i dag?
– Journalistyrket har ei stor og viktig oppgåve framføre seg. Medieselskap endrar seg i takt med endra brukarvanar. Men det betyr ikkje at journalistikken er daud. Sakar som journalistar produserer går som varmt kveitebrød, men dei vert produsert på andre måtar.
– Ein god start på karrieren
– Men er det jobbar for journalistane?
– Ja. Ting endrar seg, men det er jobbar til journalistar. Kva skal Facebook og Google leve av, dersom det ikkje er journalistar til å produsere innhald? Eg seier ikkje at me som journalistar skal produsere innhald til Facebook, men eg trekk dei fram som eit døme.
– Kva ser du etter hos sommarvikarane?
– Eg ser etter pågåande vitehuga journalistar som vil gjere ein innsats her nord. NRK Finnmark kan vere ein strålande måte å starte karrieren på – det ser me fleire døme på berre som Moskva-korrespondent; Morten Jentoft, Arne Egil Tønset, Jan Espen Kruse og tidlegare Stockholm-korrespondent Kjell Pihlstrøm – dei starta alle i NRK Finnmark som ungdomar, seier Ruud.
Frå Porsanger til Moskva
Sjølv starta Ruud som journalist i Radio Porsanger før han melde overgang til NRK Finnmark.
Seinare vart det også Moskva-post på korrespondent Ruud.
Kari Sørbø og Viggo Valle er også personar som har bakgrunn frå Finnmark.
Ruud trekk fram sjansane til å jobbe med alt frå storpolitikk, ressurskamp og dei nære ting (butikken i Lebesby, brytestemne i Tana, fuglekikking i Vardø) som det som gjer journalistisk arbeid i Finnmark til noko heilt annleis.
– Eg er ikkje så opptatt av om du har journalistutdanning eller ikkje. Å ha relevant utdanning er ein fordel, men ikkje krav. Eg ser etter kor interessert du er i å gjere ein innsats for oss, seier Ruud, og legg til:
– Så kan eg også garantere alle som jobbar i NRK Finnmark i sommar midnattssol. Og erfaring med myggen!