Noregs siste kolgruvearbeidarar

Nikolai Seljevold (19) fekk det travelt med å koma seg inn i fjellet då Noreg bestemte seg for å gå ut av kol.

Nikolai Seljevold håper han skal inn på drifta heilt innerst i gruvegangane, det er der han likar seg best. På morgonmøtet får han beskjed om at han skal ha såkalla «diverse arbeid». Det første han skal gjera er å kveile kabel.

Nikolai Seljevold (andre fra høyre) håper han skal inn på drifta heilt innerst i gruvegangane, det er der han likar seg best. På morgonmøtet får han beskjed om at han skal ha såkalla «diverse arbeid». Det første han skal gjera er å kveile kabel.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ein sølvgrå minibuss køyrer ut frå Longyearbyen i polarnatta. Nikolai Seljevold sit bak rattet. Augo er framleis naturleg svartsminka etter skiftet i gruva dagen før. Vinterens første, lette snøteppe kvervlar opp rundt bilen. Nikolai håper det snart kjem meir. Han lengtar etter å køyre innover dalane på snøskutersetet.

Langt der framme, på toppen av fjellet, ser han lysa frå Gruve 7, Noregs siste kolgruve.

– Eg følte eg hadde dårleg tid no som kol ikkje er så populært lenger, seier 19-åringen.

Niklas Løseth

Fram til jul jobbar Nikolai Seljevold skift.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Då Nikolai var fem år, flytta han til Longyearbyen saman med foreldra og vetlebroren. Då han var ti, byrja faren å jobbe i gruva. Nikolai fekk besøke han på jobb, vart kjent med gutane, såg dei snakke skit og korleis dei tok vare på kvarandre.

I over 100 år var kolgruvene hjartet i Longyearbyen. Guvearbeidarane har styrt pulsen i det vesle samfunnet. Midt på torget står ein statue av ein gruvearbeidar og den lokale puben Karlsberger har veggane dekorert av gruvearbeidar-portrett.

Nikolai tykte arbeidet inne i gruvegangane virka spennande, og hadde lyst til å jobbe med dei store maskinene inst i fjellet, slik som far sin.

– Det har alltid vore ein draum, seier han.

I august vart Nikolai ein del av fjellfolket. Då var det berre eitt år att før han hadde fagbrev som tømrar i lomma. Han var ein dyktig snikkar, tok ansvar og fekk det, men fjellet lokka meir. Mange råda han til å gjere seg ferdig med fagbrevet, til og med gruvesjefen, men han hadde bestemt seg.

– Det ser ut til at det ikkje er all verdas tid att for Store Norskes gruvedrift i Longyearbyen. Eg hadde lyst til å få med meg så mykje som mogeleg, seier Nikolai.

Då isbreen over fjellet byrja å smelte i sommar, vart fløymde store deler av gruva over. Milevis med elektriske kablar vart øydelagde. I dag jobbar Nikolai med å fjerne kablar som ikkje lenger er i bruk. Kablane er tjukke og tunge, så maskiner og ein stor trommel må til for å kveila dei opp.

I dag jobbar Nikolai med å fjerne kablar som ikkje lenger er i bruk. Kablane er tjukke og tunge, så maskiner og ein stor trommel må til for å kveila dei opp.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Gruva fylt med vatn

Over kaffikoppar, morgontrøyte auger og skitne arbeidsklede får gruvearbeidarane vite planen for dagen. Nikolai skal ikkje inn på drifta, der han helst vil vera, men skal hekte ned midlertidige kablar frå tunnelveggen og kveile dei saman. Kablane vart hengt opp midlertidig for å gi straum til pumper i sommar.

Då han kom på sin første arbeidsdag, var store delar av gruva under vatn. Sommaren var rekordvarm. 25. juli vart det målt 21,7 grader ved Svalbard lufthavn. På toppen av Gruve 7-smelta isbreen Foxfonna meir enn vanleg.

Vatn fløymde gjennom sprekker i fjellet og inn i gruvegangane. I eit større område var tunnelen heilt fylt frå golv til tak, eller «ligg til heng» som det heiter på gruvespråket. Dei mest erfarne gruvearbeidarane hadde aldri tidlegare sett så mykje vatn der.

Vatnet sto heilt opp til taket her i gruve 7

Vatnet sto heilt opp til taket her.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Nikolai starta karrieren med vasspumper og vadebukser. Det var ikkje ventilasjon i fjellet og han måtte sjekke luftmålaren ofte.

– Då tenkte eg at eg kanskje ikkje hadde ein arbeidsplass å gå til likevel, seier han.

Trass i det varme vêret, issmeltinga, klimarapportar som seier at temperaturen skal halde fram med å stige og at menneske sine CO2-utslepp har ein stor del av skulda, ynskjer han å grave kol ut av fjellet.

– Eg er ikkje med på at koldrifta me har på Svalbard har stor innverknad på klimaet. To tredelar av kolet me tek ut her går til industrien, og trengs i smelte- og stålindustrien. Det er ikkje meir miljøvenleg for Europa å ta det ut nokon annan plass.

Lærer seg lydane til fjellet

Gruvelærlingen tek på seg den grøne hjelmen som symboliserer at han er ein fersking og køyrer innover gruva.

Tømmerstokkane som er bygde opp langs sideveggane i hovudtunnelen er oransjebrune, som om dei har rusta. Fargen fortel kvar vatnet har stått og virka på treverket. Eit par kilometer inne stoppar bilen. Det er her kablar skal hektast ned frå bergveggen og kveilast inn på ein stor trommel.

– Kilometervis, nei milevis med kablar vart øydelagde i sommar, fortel arbeidsleiar Bent Jakobsen.

Arbeidsleiar Bent Jakobsen opnar døra til eit teknisk rom som vart fylt av vatn i sommar. Alt av elektronikk i skåpa måtte bytast ut.

Arbeidsleiar Bent Jakobsen opnar døra til eit teknisk rom som vart fylt av vatn i sommar. Alt av elektronikk i skåpa måtte bytast ut.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Liggen (tunnelgolvet, jour.adm) var gjørmete og pumperøyr som skulle ta unna alt vatnet gjorde det trongt om plassen.

Nikolai klatrar opp på planet på ein Toyota Hilux og lausnar den raude, tjukke kabelen som er festa til krokar høgt oppe i tunnelveggen.

– Ja. Ja. Ja, seier han til sjåføren for å gi beskjed om at han kan køyre fram til neste krok.

– Det er kjekt med grønhjelmingar no. Sterke, unge gutar. Så kan sjefen gå og sjå på, seier arbeidsleiaren og humrar like bak.

Ein kjøleg vind bles gjennom gangane. Øyrene til Nikolai er nakne under hjelmen.

Tidlegare denne veka har han fått opplæring på bolteriggane på drifta. Dei som set inn boltar i hengen, slik at ikkje fjellet skal rase når kolet som har støtta det opp i millionar av år blir frakta ut.

Ungguten lærer seg lydane til fjellet. Høyrer det knirke litt godlynt. Kanskje rasar det ned litt stein eller kol i utkantane, det er slik det skal vera. Selskapet set tryggleiken høgt. Han stolar på at det går bra.

Då isbreen over fjellet byrja å smelte i sommar, vart fløymde store deler av gruva over. Milevis med elektriske kablar vart øydelagde. I dag jobbar Nikolai med å fjerne kablar som ikkje lenger er i bruk. Kablane er tjukke og tunge, så maskiner og ein stor trommel må til for å kveila dei opp.

Då isbreen over fjellet byrja å smelte i sommar, vart fløymde store deler av gruva over. Milevis med elektriske kablar vart øydelagde.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Lenge for usikkert

Gruve 7 har i alt fire lærlingar denne hausten, to på kvart skift. I ein lang periode var det så usikkert for gruvedrifta på Svalbard at Store Norske ikkje tok inn lærlingar i det heile. I 2014 fekk selskapet store økonomiske problem då kolprisen fall.

Året etter avgjorde regjeringa at gruvesamfunnet Svea, der Store Norske har hatt hovuddrifta si, skulle setjast i driftskvile.

Leiinga i selskapet tykte det var feil å seie opp 150 personar for så å ta inn lærlingar. No har Stortinget bestemt at heile gruvesamfunnet Svea skal byggjast ned, vegar, flyplass, bygningar, alt.

Det er eit av Noregs største miljøoppryddingsprosjekt. Kolet der skal bli verande i fjellet. Berre Gruve 7 utanfor Longyearbyen er att i selskapet.

Vadebuksene heng framleis i garasjen og minnar om driftsstoppen og det tunge, våte arbeidet i sommar og tidleg på hausten.

Vadebuksene heng framleis i garasjen og minnar om driftsstoppen og det tunge, våte arbeidet i sommar og tidleg på hausten.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Hovudformålet med gruva er å levere kol til kolkraftverket i Longyearbyen. Lokalstyreleiar Arild Olsen frå Svalbard Arbeidarparti ynskjer at det skal vera slutt på kolkrafta i 2023.

Energiverket er dyrt i drift og det slepp ut store mengder CO2. Avtrykket per innbyggjar i Longyearbyen er mellom dei største i verda. Det er brei politisk semje om at Longyearbyen skal få ein ny energiberar. Løysinga skal vera driftssikker og så grøn som mogeleg.

Kva som vil skje med gruva når Longyearbyen ikkje lenger skal brenne kol, er uvisst. Men i fjor valde gruvesjef Per Nilssen å ta inn to lærlingar att.

Det var ungdommar i byen som hadde lyst til å ta læretida si hjå han, og gruvesjefen meiner Store Norske har eit ansvar for å bidra med faglærte arbeidsfolk til bransjen.

Men kva seier gruvesjefen til dei tilsette når lokalstyreleiaren går ut med at han ynskjer slutt på kolkraft i 2023, og Store Norske sjølv ynskjer å satse på fornybar energi?

– Når datoen byrjar å bli så nær i tid, er det naturleg at folk byrjar å tenke over kva det vil bety for dei, ikkje minst når nedbygginga av Svea skal vera ferdig om lag samstundes, seier han.

Gruvesjef Per Nilssen har to døtrer som er på same alder som lærlingane. Han oppmoda dei til å bli ingeniør eller geolog, men ingen av dei har funne vegen inn i gruva.

Gruvesjef Per Nilssen har to døtrer som er på same alder som lærlingane. Han oppmoda dei til å bli ingeniør eller geolog, men ingen av dei har funne vegen inn i gruva.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Men sjølv om det blir stopp for kolkraftverket, betyr ikkje det nødvendigvis at Gruve 7 forsvinn. Selskapet leverer om lag to tredelar av kolet sitt til industrien i Europa, men utfordringa blir å finne ein marknad som vil betale godt nok i framtida, ifølgje Per Nilssen.

Selskapet jobbar med ei analyse av kva arbeidsstokken i gruva betyr for Longyearbyen og Svalbard som samfunn, kva ringverknader det vil gi om arbeidsplassane forsvinn.

Uansett kva som skjer med gruva, utdannar ikkje lærlingane seg til arbeidsløyse.

– Store Norske har utdanna hundrevis av lærlingar. Skikkeleg dugelege og gode folk som er attraktive på fastlandet. For mange har gruva vore eit springbrett, seier gruvesjefen.

Skiltet skal ha kome plass då snittalderen til karane som hadde kleda sine her var litt i høgste laget. Her er lykter til lading, lomp og sjølvreddarar heng på kroken inne i garderoben.

Skiltet skal ha kome plass då snittalderen til karane som hadde kleda sine her var litt i høgste laget. Her er lykter til lading, lomp og sjølvreddarar heng på kroken inne i garderoben.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

– Dette er draumejobben

Medan Nikolai kveilar kablar med snus under leppa, skjærer skarpe lydar ut frå den mekaniske verkstaden i daganlegget.

Dei kjem frå lærling Mia Slettås frå Orkdal (21) og læremester Trond Olsen. Dei pussar på delar frå ei havarert girkasse.

– Eg kom hit heilt uvitande om at dette var draumejobben. Det finst mange smelteverk på fastlandet, men eg visste ikkje om gruvene, seier Mia.

– Folk er stort sett positive heile tida. Eg blir alltid i godt humør. Her er det artig, fint å gå på jobb, seier industrimekanikarlærling Mia Slettås (21).

– Folk er stort sett positive heile tida. Eg blir alltid i godt humør. Her er det artig, fint å gå på jobb, seier industrimekanikarlærling Mia Slettås (21).

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ho ønskte seg langt bort frå Trøndelag då ho skulle ut på praksisplassering i industrimekanikarfaget i vår. Læraren føreslo Svalbard. Google viste henne vidare til Store Norske og Gruve 7.

Etter praksisperioden byrja kollegaene å snakke om lærlingtida, kunne ho kanskje ta den òg i gruva? Som den første industrimekanikarlærlingen på 20 år?

Gruvesjefen sjekka at dei hadde nok arbeidsoppgåver til å kvalifisere som lærlingbedrift, og no har ho vore her fast sidan juni.

– Me treng kol til bilar, syklar og sminke

Mekanikarlærlingen går inn på eit verkstadkontor med fleire datamaskiner, kaffikanne, arbeidsbenkar, skap og verktøy.

Ho trivst verkeleg godt med jobben og med Svalbard, men kva som skjer etter lærlingtida, veit ho ikkje.

– Blir det ikkje meir Gruve 7, så blir det ikkje meir Svalbard på meg. Då tek eg heller nokre turar som turist når det passar.

Kanskje går vegen hennar frå pol til pol, til Troll-stasjonen i Antarktis.

– Men det er lagt framtidsplaner for Gruve 7, og staten vil at nordmenn skal bu og jobbe på øygruppa fast. Gruve 7 er ein veldig fin arbeidsplass, seier ho.

Dette skiltet heng like ved porten som går inn til gruva minner om at tryggleik alltid skal vera fremst i pannebrasken. Ein annan stad i gruva heng ein utskrift der det står: «Most importand thing to come out of a mine is the miner.» Førre ulukke var i desember. Då sklei ein gruvearbeidar på isen som hadde danna seg etter vassinntrenginga.

Dette skiltet heng like ved porten som går inn til gruva minner om at tryggleik alltid skal vera fremst i pannebrasken. Ein annan stad i gruva heng ein utskrift der det står: «Most importand thing to come out of a mine is the miner.» Førre ulukke var i september. Då sklei ein gruvearbeidar på isen som hadde danna seg etter vassinntrenginga.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Som Nikolai meiner Mia at det er betre om bedrifter i Europa brukar industri-kol av høg kvalitet frå Gruve 7, enn at dei importerer frå andre land.

– Me treng kol for å produsere bilar, syklar og sminke. Det blir brukt i alt, seier ho.

På dei tre dataskjermane i rommet rullar det bilete av særs lettkledde damer. Det er brystvorter og halvnakne rumper.

– Boys will be boys, seier Mia og smiler.

– Dei spurte om det plagar meg. Det gjer ikkje det, eg tykkjer heller det er litt komisk, seier ho.

Berre når folk spør, kjem ho på at ho er den einaste dama i gruva.

Det er kaffipause på verkstaden. Trond Olsen (t.h.) har «adoptert» Mia og lærer henne både mekanikarfaget og gruvekultur.

Det er kaffipause på verkstaden. Trond Olsen (t.h.) har «adoptert» Mia og lærer henne både mekanikarfaget og gruvekultur.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

– Eg føler meg ikkje velkommen

Mentoren Trond Olsen og mekanikar Robert Sørum kjem inn for ein kaffipause. Trond set seg breibeint på stolen nærast skrivebordet og kaffikanna.

Mia fortel at ho fekk klem av ein kollega i dag.

– Eg trur han er litt sliten, seier ho.

– Klem får du fader ikkje av meg, seier Trond med glimt i auga.

Robert Sørum (31) har sett seg ved ei av dei lettkledde datamaskinene.

– Han judasen der borte har sagt opp, seier Trond og nikkar mot han.

– Eg er lei Longyearbyen. Dei vil ikkje ha lokale arbeidsplassar her lenger. Eg føler meg ikkje velkomen, seier Robert.

Robert Sørum begynte som mekanikar i Gruve 7 i 2012. Det var hans første jobb. Nå setter han kursen sørover til lastebilmekking.

Robert Sørum begynte som mekanikar i Gruve 7 i 2012. Det var hans første jobb. Nå setter han kursen sørover til lastebilmekking.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Han er oppvaksen i Longyearbyen. Gruve 7 var den første arbeidsplassen hans, han byrja i 2012.

– Eg kjenner at eg kanskje kastar bort dei viktigaste åra i livet mitt her. Eg tykkjer ikkje framtida i Longyearbyen ser så lys ut.

No skal Robert til Bærum for å mekke på lastebilar i staden for gruveutstyr.

– Me er omtrent den einaste bygda i Noreg der lokalpolitikarane ynskjer å legge ned lokale industriarbeidsplassar, seier Trond.

Han meiner Store Norske er den grønaste arbeidsplassen i heile Longyearbyen om ein ser på heilskapen.

– Mesteparten av kollet går til metallurgisk industri i Tyskland, til varer som samfunnet treng.

Kva i all verda får me att av turismen? spør Trond.

Mia reiser seg. Eit par gonger i veka sjekkar mekanikarane at gruvemaskinene på drifta har nok olje på tankane. I dag er det hennar tur.

– Pappa kallar meg kalenderpiken, seier ho spøkefullt då journalisten tek bilete av henne.

– Næh, du har alt for mykje klede på, parerer Trond.

Mia gjør seg klar til å fylle olje på maskinene innerst på drifta, dei som skjærer ut kol. Den gule hjelmen på hovudet er beviset på at hun er røynd nok til å reisa rundt i fjellet åleine.

Mia gjer seg klar til å fylle olje på maskinene innerst på drifta, dei som skjærer ut kol. Den gule hjelmen på hovudet er beviset på at hun er røynd nok til å reisa rundt i fjellet åleine.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Inn i fjellet

21-åringen tek på seg knebeskyttarar, luftmålar og sjekkar sendaren ho har klipsa fast til arbeidskleda. Den fortel leiinga i gruva kvar i fjellet ho er til ein kvar tid.

Nikolai står utanfor verkstaden og vaskar gjørme av frontruta på ein bil med BELTEVAKT skrive på sida. Han er ferdig med straumkablane. No skal han inn att i fjellet og passe på at beltet som transporterer kol ut av gruva går som det skal.

Nikolai er ferdig med å kveile kablar og skal inn og vera beltevakt. Då passar han på at beltet som fraktar kolet ut frå fjellet fungerer som det skal.

Nikolai er ferdig med å kveile kablar og skal inn og vera beltevakt. Då passar han på at beltet som fraktar kolet ut frå fjellet fungerer som det skal.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Porten mellom daganlegget og fjellet går opp framfor panseret til Mia. Skilt om naudutgangar, førsethjelpsutstyr og kor langt inn i gruva ein er, susar forbi i hengen. Her og der er det også stabla sekker med steinstøv som skal bremse eller stoppe flammefronten etter ein eventuell eksplosjon.

Støvet kjem frå ein stad heilt vest i Sibir og er kjøpt inn via gruveleiinga i det russiske gruvesamfunnet Barentsburg 38 kilometer vest for Longyearbyen.

– Eg er framleis fascinert av gruvearbeidarar. Tenk på det harde arbeidet dei gjorde den gruvegangane vart laga for hand. Men det er nok framleis hardt arbeid for dei som er her inne heile dagen, seier Mia.

Ligge og køyre

Etter om lag sju kilometer er det stopp. Herfrå er gruvegangane så låge at det ikkje er plass til vanlege bilar, det er umogeleg å stå oppreist.

Inne i ein huk er ein ladestasjon for små, elektriske gruvebilar som mest liknar på gokartar. Mia sjekkar ladinga på dei, og finn ein som har fullt batteri. Ho lempar inn oljekanna, sjølvreddaren ho kan puste i om det skulle skje noko med lufta i gruva og legg seg ved rattet. For å unngå å dundre hovudet i fjellet, må ein nemleg liggje og køyre.

Mia sjekkar ladinga på dei elektriske gruvebilane som blir kalla «Ohlemann» og finn ein som har fullt batteri.

Mia sjekkar ladinga på dei elektriske gruvebilane som blir kalla «Ohlemann» og finn ein som har fullt batteri.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

– I desse bilane det ein fordel å vera litt lenger, seier Mia og nikkar mot beina.

Lange bein kan kvila seg mot kanten fremst på karosseriet. Korte føter har ikkje noko å støtte seg i. Dermed humpar og skumpar det veldig innover dei ujamne gangane.

Eit stykke inne skimtar ho eit lys. Ein elektrisk gruvebil kjem i motsett retning. Føraren fortel at beltet som fraktar kol frå drifta her og ut i dagen har stoppa. Dei jobbar med å ordne problemet.

Tarjei Våtvik i lastemaskina, ein såkalla shuttle car, tek med seg oljekanna til Mia det siste stykket inn til drifta.

Tarjei Våtvik i lastemaskina, ein såkalla shuttle car, tek med seg oljekanna til Mia det siste stykket inn til drifta.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Medan alle dei arbeidarane er på veg bort frå driftsområdet, går Mia til. Ho bærer med seg oljekanna krokrygga og med bøyg i knea. Hjelmen går akkurat klar av fjellet over.

– Dei første gongane eg var her, skjøna eg ingen ting. Eg ante ikkje kvar eg var. Men eg var flinkt til å spørja då eg såg merker, skilt eller anna, om kva det var, slik at eg fekk haldepunkt og kunne kjenne meg att. No går det greitt, seier ho.

Kuttmaskina står med lys på litt lenger inne i gruvegangen, midt i eit pudder av kol. Støvet frå mellom 60 og 65 millionar år gamle planter kvervlar rundt over alt.

Mia sjekkar at driftsmaskinene har nok olje, og etterfyller der det trengs. Før ho kjem til loket, må ho skrape bort ein seig masse av kol og olje.

Mia sjekkar at driftsmaskinene har nok olje, og etterfyller der det trengs. Før ho kjem til loket, må ho skrape bort ein seig masse av kol og olje.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Det som ein gong var grøne sletter luktar ikkje lenger torv eller tre. Rett som det er kjem det trekk med lukt av svovel.

– Oljen me bruker luktar også litt spesielt, seier Mia.

Ho lempar utstyret tilbake i ligge-bilen og køyrer vidare.

Det er drift på to stader i gruva denne dagen. Ho køyrer innover og innover i det svarte. Ut og inn av gangar. Det finst ikkje lys anna enn dei på hjelmen og bilen. Hengen susar forbi like over panna.

Mia stoppar og sjekkar kartet ho alltid har i hjelmen. Der er alle gangar og evakueringsvegar teikna inn.

Då ho stoppar bilen igjen, er det heilt svart, ikkje ein lyd å høyre anna enn pusten. Men så pip det frå ei lastemaskin lenger inne. Den dundrar forbi med kol til beltet som Nikolai passar på.

Sidan det vart stopp på drifta der Mia var først, er det viktig at dei ikkje mister tid her. Mia får beskjed om å vente med arbeidet sitt til driftslaget går til lunsj.

Mia ventar på at driftslaget skal ta lunsj, slik at ho kan fylle olje på maskinene deira. Når dei reiser, vil ho vera att heilt aleine i fjellet. Derfor dobbeltsjekkar ho at ho har nok batteri på kommunikasjonsboksen ho har på seg.

Mia ventar på at driftslaget skal ta lunsj, slik at ho kan fylle olje på maskinene deira. Når dei reiser, vil ho vera att heilt aleine i fjellet. Derfor dobbeltsjekkar ho at ho har nok batteri på kommunikasjonsboksen ho har på seg.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ynskjer å bli

Nikolai blir med folka på drifta til lunsj. I eit opphaldsrom knytt til hovudtunnelen sit han med føtene på ein stol, knekkebrød på bordet og ein kaffikopp i neven.

Her inne er det ingen halvnakne damer, men ei klokke forma som eit hjarte med bilete av ein av dei pensjonerte gruvegutane. Nikolai ynskjer å bli så lenge han kan, men blir neppe heidra på same måten.

– Det er vanskeleg å seie kva politikarane ser føre seg. Eg får i alle fall gjort ferdig lærlingtida mi, det veit eg. Og det er nok kol til 20 nye år med drift, seier han.

Nikolai og resten av laget hans har lunsj i eit opphaldsrom inne i fjellet. Latteren heng laust.

Nikolai og resten av laget hans har lunsj i eit opphaldsrom inne i fjellet. Latteren heng laust.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK