Hopp til innhold

Mystiske graver i Arktis

Fleire ukjende graver har trengt seg opp av permafrosten og ut i dagen i Ny Ålesund. Kven som ligg oppi, eller om kistene er tomme, er eit mysterium.

Mystisk kiste

Flisete treverk kjem fram i ei avlang form og vitnar om at det er kister som kjem fram i dagen, med vakker utsikt mot hav og fjell.

Foto: Kjersti Strømmen

Flisete treverk kjem så vidt til syne i tundraen, og dannar avlange rammer, med jord i midten. Etter alt å døme er det fire kister.

– Om det er tomme kister eller om det framleis ligg nokon oppi her, det er me usikre på. Det kan jo vera at dei har flytta restane av menneskja og så latt kistene vera att, men det veit me ikkje. Ser ikkje nokon teikn til bein her, seier arkeolog Ingvild Sjøbakk.


Dei er for smale, i grunnen, til at ein skulle tru at det kunne vera plass til folk nedi. Men, arkeologane Ingvild Sjøbakk og Kristin Foosnæs, som fagleg registrerte funnet i sommar, meiner at det er kulda som har endra treverket.

mystiske graver 2

Arkeologane Ingvild Sjøbakk og Kristin Foosnæs har kartlagt gravene og skrive inn GPS punkt for nøyaktig plassering.

Foto: Kjersti Strømmen

– Truleg er dei blitt pressa innover av permafrosten, sånn at dei kjem opp smalare enn dei har vore, men lengda er vel grei, trur eg. Kanskje dei var litt mindre på den tida, seier Sjøbakk.

Flytta graver på 50-talet

Kistene er funne på Hollendarhaugen, nokre steinkast frå det som i dag er sentrum av Ny Ålesund. Den eine er litt større enn dei andre. Truleg ei dobbelgrav. Det mystiske er, at det ikkje skulle vera graver akkurat her. Ikkje no lenger.

Visst gravla kvalfangarar, truleg nederlendarar, sine døde i dette området på 1600 talet. Men, då gruveselskapet Kings Bay trong plassen til å byggja eit renseverk for kull, måtte dei døde vika. Elektrikar Arne Storvik hugsar hendinga godt.

– Då hadde transporten i oppgåve å grava opp alle hollenderkistene som var der. Det skjedde i -58, om våren, på vår, forsommaren liksom, for det var endå is i gravene.

Kvalfangarane blei flytta til ei felles grav i andre enden av byen. Ifølgje den nederlandske skrifta på ein minnestein som er reist på den nye gravplassen, var det femti av dei.

KNokler 1

Harald Hagen var sju år då 50 graver på Hollendarhaugen blei flytta i1958.

Foto: Hans Hagen

– Det var i grunnen bra at dei vart flytta, for turistar hadde byrja å interessera seg for det, ta opp kister og stela bein, kan me seia, knoklar. Og det var jo nokre av gutane også som eksperimenterte med det, som tok med seg hodeskaller og hadde dei på rommet. Noko meir enn det veit eg ikkje, men eg veit dei stod på nattbordet i alle fall, fortel Arne Storvik.

Klær blei til støv

Harald Hagen, som var sju år den gongen, hjelpte til med arbeidet, og blei fotografert av faren, der han oppslukt studerte knoklane.

– Eg var nyfiken, som alltid, og var med og så det som hendte. I den alderen hadde eg ingen fordommar.

Jobben var krevjande for dei vaksne som var med. Deira arbeid var knyta til gruvedrifta, og dei hadde neppe erfaring med gravlundar. Også fleire norske graver blei flytta. Arne Storvik tok ikkje del i sjølve flyttinga, men han var på plassen og hugsar han såg ei fin hinne av det som hadde vore tekstilar, utanpå skjeletta.

– Det var eit så tynt lag at det blei til støv om ein prøvde å ta på det.

Per Kyrre Reymert

Kvalfangarane hadde solide jakker og nikkers, strikkeluer og tova vottar, slik arkeolog Per Kyrre Reymert demonstrerer med klede rekonstruert av funn gjort på Svalbard.

Foto: Kjersti Strømmen

I andre gamle graver som er opna på Svalbard har kvalfangarane blitt funne i sine eigne arbeidsklede. Blå jakke og nikkers, tova vottar og lue. Kulda på Svalbard har halde dei ved like, fortel arkeolog Per Kyrre Reymert.

Arbeidsklede fra 1600-talet

– Dette er den einaste staden i verda der ein finn noko så sjeldan som arbeidsklede ifrå 1600 talet. Kleda til vanlege sjøfolk, til kvalfangarar, til skipsmannskap og dei som kom opp hit for å koka kvalspekket til den nyttige olja.

Kvalfangarane levde eit farleg liv. Mange av engelskmennene og nederlendarane som kom til Svalbard for å prøva lukka på 1600 talet var uerfarne. Ifølgje skriftlege kjelder fekk dei opplæring av baskerar som hadde 100 års erfaring med kvalfangst utanfor Newfoundland, og kunne teknikken, fortel Reymert. Men, i kampen mot kvalen var det mange som drukna. Dei blei lagde i grava med arbeidskleda på, og fleire av kistene er svært forseggjorde.

– I dei kistene som me finn dei døde kvalfangarane i, så er det ofte flis i botnen, nokre er trekte med stoff i sidene. Av og til finn me puter under hovudet på den døde, med dun inni. Nokre gonger er desse luene dei har på seg, trekt nedfor auga, slik at når dei blei gravlagde så slapp kameratane å sjå auga på dei, seier Reymert.

Mystisk grav 3

Nokre stader er det berre nokre flisete trebitar som vitnar om ei grav.

Foto: KJersti Strømmen

Dei døde blei att

Kvalfangsten ved Ny Ålesund var såkalla bay-fangst. Dei følgde kvalen inn i bukta, fordi det var mest praktisk å jakta den der, og å få den i land. Dei lagde midlertidige spekkovnar i fjæra der dei kokte det om lag femti cm tjukke spekket.

Olja blei fylt over i tønner og frakta ned til Europa der det blei brukt til mat, industri og ljos. Etter om lag ti år, flytta kvalfangarane seg lengre nordover, byrja overvintra, og fanga kval på ope hav, fortel Reymert. Skutene drog. Dei døde blei att.

Kva så med dei mystiske kistene på Hollendarhaugen? Kanskje er dei tomme. Moglegvis blei knoklane fjerna saman med alle dei andre i 1958, medan kistene blei dekkja til med jord. Anten det, eller så låg dei lengre nede i bakken, og lengre ut mot havet, og ikkje blei oppdaga.

Kanskje er dei endå urørt, og kanskje er dei slett ikkje nederlendarar. No sprengjer dei seg uansett opp og fram i ljoset, med si ukjende historie. Arkeologane har registrert dei på GPS som kulturminner, og så langt ferdig med det, fortel Sjøbakk.

– Me skal berre dokumentera at dei er her så får det bli opp til andre å bestemma kva dei skal gjera med dei. Truleg får dei berre liggja i fred.

LES OGSÅ: Bli med på krykkjefangst på Svalbard

LES OGSÅ:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark