Hopp til innhold

Mor til Stock: – Dette er kjempestort, heilt superrått!

Stemninga blei ekstatisk i stova i Vadsø då Daniel Stock gjekk inn til ein overraskande femteplass i laurdagens 15 kilometer fri teknikk i svenske Ulricehamn.

Heiagjengen til Daniel Stock

STOVA I VADSØ: Mor, stefar, veslebror og naboar sat spente og følgde med på TV då Daniel Stock gjekk inn til ein overraskande femteplass.

Foto: Privat

Laurdag var Vadsø-væringen Daniel Stock to sekund unna pallen i sin utanlandske verdscupdebut, og enda på ein overraskande femteplass.

– Det er ubeskriveleg. Eg trur ikkje eg er så god, så eg går berre ut og gjør arbeidsoppgåvene mine. Når det holder til ein femteplass, så er det ubeskriveleg, sa Stock til NRK etter rennet.

I stova i Vadsø sat mor, veslebror, stefar og nabo og følgde spent med.

– Eg er rørt no!

Mor til Daniel Stock, Britt Eva Hansen, har enda høg puls når NRK ringer kort tid etter målgang.

– Eg er heilt mållaus. Det var så spennande! Eg har ikkje fått snakka med han enda, eg har ikkje fått snakka med nokon, men det renner inn med meldingar på telefon, messenger og snap, fortel Hansen.

Ein riktig feiring hadde passe seg no, men den må vente litt for Hansen sin del.

– Eg skulle gjerne ha tatt med eit glas no, men eg skal på jobb no, så det får vente.

Landslagssjef Tor Arne Hetland ringde førre søndag og ville ha ham med til Sverige, fekk 24-åringen panikk.

– Eg fekk full panikk for eg hadde trent som «farsken» i førre veke. Eg måtte berre sette på brekket og trene godt og ete godt, og ligge med beina høgt, fortalde han til NRK etter rennet.

Hadde tippa på topp 15

««Ukjent» nordmann overraska med nesten-sensasjon» var overskrifta hos NRK Sport då han tok femteplassen, men Hansen trur det vil endre seg no.

– Han har ikkje vore verdstoppen enda. Men han blir nok eit kjent namn no, han vil nok bli huska no, etter at han presterte så bra som han gjorde i dag.

Før rennet snakka Hansen med Stocks tidlegare trenar i Vadsø, som sa at ein plass på topp 15 ville vere å rekne som bra.

– Ja, før han gjekk, så meinte eg at ein femtandeplass ville vere bra.

– Så at han enda på ein femteplass, det er nesten som ein ikkje trur det. Det er rågøy! seier Tom Rosanoff, som har trent Stock i Vadsø skiklubb fram til han flytta til Lillehammer i 2012.

Tom Rosanoff

– Eg blir jo stolt, som gammal trenar, fortel Tom Rosanoff, som trente Stock i Vadsø.

Foto: Privat

Dei to har framleis tett kontakt, og Rosanoff hadde tru på at det ville bli ein god sesong for 24-åringen.

– «I år blir det din sesong» sa eg til han. Eg veit at han har hatt ein god forsesong, at han har fått lada opp, seier Rosanoff.

Den tidlegare trenaren trur Stock no kan vinne verdscupen, og at han har gode sjansar for å komme på landslaget no.

Rosanoff seier at Stock har vakse både som person og skiløpar. Og når ein først får debutere i verdscupen, så er ein god nok, seier han.

At Stock er ukjent, vil han heller ikkje gå med på.

– I Norge kjem han ikkje som nokon overrasking. Men det er klart det må vere irriterande for dei utanlandske at kvar gong det er ein ny nordmann med, så er han i toppsjiktet, seier Rosanoff.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark